Solstrand stenger - for første gong på 125 år

– Vi hadde allmøte i dag. Det var ei sterk oppleving, seier Børrea Schau-Larsen.

Solstrand Hotel & Bad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mars 2020 14:13

I dag klokka 16 stenger Solstrand Hotel & Bad inntil vidare.

– Vi har ein misjon om å vera ein god stad å møtast. Dessverre er situasjonen no sånn at vi skal unngå å møtast, seier Børrea Schau-Larsen til Midtsiden.

Tiltak i samband med koronaviruset gjorde at basseng, spa, restaurant og bar måtte stenga i går.

– Fleire av gjestane våre har òg tatt sitt samfunnsansvar og avbestilt, det gjeld både privatpersonar og bedrifter.

Solstrand ser tilbake på ein god vinter, og hadde veldig gode bookinglister framover.

Første permittering på 125 år

Hotellet har 99 faste tilsette. Nesten alle blir permitterte.

– Vi hadde allmøte i dag. Det var ei sterk oppleving, seier Børrea.

Hotellet har overlevd verdskrigar og finanskriser. Dei har normalt alltid ope, med unntak av jul og påske, og dette er første gong dei sender tilsette ut i permisjon.

– Nokre få tilsette blir ståande i jobb, blant anna for å svara telefon og for å utføra naudsynt drift av anlegg og eigedom.

– Om det på noe tidspunkt skulle bli behov for at bedrifter som Solstrand kan bidra til samfunnsteneste, stiller vi oss gjerne til disposisjon. I mellomtida ser vi fram til å sjå tilsette og gjestar igjen, så snart situasjonen opnar for det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.