Lokal | 23. nov. 2011

Solstrand til Pepperkakebyen

Eit initiativ frå to tilsette førte til at Solstrand, for første gong, er representert i Pepperkakebyen som opnar i Bergen fredag.

Solstrand til Pepperkakebyen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. nov. 2011 08:45

– Eg besøkte Pepperkakebyen i fjor og syntes at den var fantastisk vakker. Samstundes syntes eg det var synd at ikkje Solstrand var del av utstillinga, fortel initiativtakar Silke Becker.

Ho fekk med seg fem kollegaer ved Solstrand Hotel og Bad på å laga arbeidsplassen deira i pepar.

– Det blei tatt nøye mål på førehand, vi måtte jo gjera det skikkeleg. Éi av kollegaene mine, Anne Platou, tok på seg oppdraget med å baka og montera, vi fem andre møtte opp og var med på pyntinga.

Bakarane har til og med fått med skifer på taket. I desse dagar blir det nemleg jobba med å legga skifer på hotellet.

Til Bergen i ein Yaris

Etter tre dagar med baking og montering og éin intensiv kveld med pynting sto Solstrand klar. Damene var ikkje like varsame med transporten som med pyntinga.

– Korleis var det å få dette store peparkakehotellet til Bergen?

– Eg har ein liten bil, ein Toyota Yaris, men då vi sette det på skrå i baksetet gjekk det akkurat inn, seier Becker.

– Eg fekk heldigvis kjøra ganske nær peparkakebyen og folka som jobba der var veldig hjelpsame med å få det frå bilen og inn. Det lukta jul i bilen min i lang tid etterpå, ler Silke.

På NRK tysdag

Pepperkakebyen i Bergen blir arrangert for 20. gong når dei fredag klokka 17.30 opnar dørene til årets utstilling.

Tysdag fekk vi sjå litt frå Pepperkakebyen i Vestlandsrevyen, og der var Solstrand noko av det første som var nemnt.

Sjå innslaget på NRK.no (12:58 ut i sendinga)

Fleire frå Os?

Os har sove i timen, skreiv vi i fjor. Årsaka var at Os Sjøfront og eit bidrag frå Hegglandsdalen var det einaste vi såg til Os i den enormt populære utstillinga i Bergen.

Blir det andre bygg frå Os enn Solstrand i år?
Tips oss på kjetil@midtsiden.no, 90789270

Peparkakebygda Os hadde i Visningssenteret i 2008 blei også flott, men verken Os Turn Fotball eller Os Sentrumsforening, som sto bak den første peparkakebyen i Os, har gjort forsøk på å gjera dette til ein tradisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.