Sport | 20. mai 2013

Sølv til NNIL-jentene

Gneist blei for tøffe for Nore Neset i finalen for J13 i Handballfestivalen. Det blei sølv etter 2-10 tap.

Sølv til NNIL-jentene
Andrine Fløysand (i midten med ball) blei plukka ut på All-star-laget i J13 (privat foto)
Andris Hamremandag 20. mai 2013 15:54

Nore Neset sitt førstelag i J13 tok seg heilt til A-finalen i Handballfestivalen på Stord i helga. Sundag møtte dei jentene frå Gneist i ein fullsatt Stordhall.

– Jentene kjempa tappert, men det heldt dessverre ikkje, fortel leiar i Nore Neset Handball Jan Kristian Rokne.

Les òg:

Klare for finale
Knalldag på Stord

Jentene tok seg til finalen etter å ha slått Kjøkkelvik 4 (10-3), Sotra 3 (8-2) og Åkra (6-5) og tapt for Fyllingen (8-14) i innleiande. Fram til finalen slo dei Sotra 2 (13-4) i kvartfinalen og Mathopen (7-6) etter sudden death i semifinalen.

Andrine på all-star-laget

I turneringa blei deg også kåra eit All-star-lag i kvar årsklasse.

- Andrine Fløysand blei plukka ut på laget frå Nore Neset.

– Dermed var ein fantastisk cup på Stord over for denne gong, avsluttar Jan Kristian Rokne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.