Kultur | 28. feb. 2020

Som ei vandring i lys og skygge

Foto og saum: Turid Sværen opnar utstillinga «Sting» i Oseana i helga.

Som ei vandring i lys og skygge
Utstillinga er montert i Hvelvet denne veka. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. feb. 2020 13:13

Laurdag opnar Hvelvet i Oseana utstillinga «Sting» av Turid Sværen.

– Vi er veldig glade for å kunna presentera denne eventyrlege utstillinga, seier kurator Evelyn Holm.

I samband med opninga er det òg samtale mellom Turid Sværen og kunsthistorikar Anne Britt Ylvisåker.

Tidkrevjande verk

«Sting» dominerer rommet frå golv til tak. Dei tekstile verka gir assosiasjonar til planteteksturar som mose, lauv, lav og skog, men òg vatn og hav.

I det du entrar utstillinga og beveger deg gjennom installasjonen, kan du oppleva det heile som ei vandring i lys og skugge.

Sværen har spesialisert seg på saum. (Foto: Oseana)
Sværen har spesialisert seg på saum. (Foto: Oseana)

– Det er eit særs omfattande og tidkrevjande arbeid som ligg bak den skulpturelle virkninga i dei enkelte verka. Utgangspunktet er to ulike tekstilar og to ulike symaskin-saumar, fortel Holm.

Etter prosess og behandling, står berre saumen tilbake i to av verkene. I tillegg til dei skulpturelle verka, byr utstillinga også på fotografier.

Svært kortreist kunst

Turid Sværen er fødd og oppvaksen i Fusa, men bur og jobbar i Os, med atelier i den gamle stasjonsbygningen eit par hundre meter frå Oseana.

Turid gjekk ut med ein bachelorgrad frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2004, og har markert seg med utstillingar i regionen, blant anna separatutstilling ved Solstrand hotell i 2003 og Galleri Frøya i Kalvåg i 2016.

Turid Sværen (pressefoto)
Turid Sværen (pressefoto)

Av kollektivutstillinger kan nevnes "Spor i landskap" på Tyssøy i 2003, B-Open i Bergen, 2003 og ved Galleri Oz i 2002 og 2012.

Ved sidan av arbeidet i atelieret, jobbar ho som miljøterapeut ved Vartun oppfølgingssenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.