Sport | 18. okt. 2010

- Som eit opprykk

Fredag runda Os 2 av sesongen på bortebane mot Brann 2. Tore Nielsen er svært nøgd med sesongen i 3. divisjon.

- Som eit opprykk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. okt. 2010 11:03

Voss vann Os 2 si avdeling og skal som Os i fjor spela mot Austevoll i kamp om opprykk til 2. divisjon.

På 6. plass i Voss si avdeling kom Os 2, som rykte opp i forkant av årets sesong. Andrelaget til Os har slått både Voss, Fyllingen, Brann 2 og Baune i løpet av sesongen.

- Vi har lagt høgt oppe på tabellen og vi har lenge før slutt vore ganske sikre på å klara 6. plassen, som i år er nedste plass som held seg.

SJÅ TABELL

- Å hamna på 6. plass i ny sesong, med eit så ung lag nesten utelukkande mot gode klubbar sine førstelag, synes eg er nesten like stort som eit opprykk.

Fem gutespelarar mot Brann
Sidan Os 2 var sikra å halda seg, og fleire av seniorspelarane slit med skadar, tok Nielsen ein ung tropp med seg til kamp mot Brann sitt andrelag fredag.

Brann 2 vann 6-0 etter å ha leia 5-0 til pause.

- Sjølv om resultatet ikkje var bra synes eg at fleire av spelarane kan sjå seg nøgd også med denne kampen. Forsvaret kjempa mot raske brasilianarar, men vi hadde også lengre periodar der det var vi som prega kampen.

Nielsen synes særleg Simen Lassen og Johannes Jordal, som begge spelte heile kampen, er spelarar osingane kan gle seg til å sjå meir av. Keeper Frode Øvredal, som måtte sjå ein del ballar gå forbi, hadde også fleire strålande redningar.

Os 2 sitt lag frå start: Frode Øvredal, Stian Bakke, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Joakim Bjørnevik, Christian Almeland, Simen Lassen, Sven Lyssand, Tor-Erik Berge, Johannes Jordal og Ramo Racic.
Innbytarar med speletid: Fredrik Heggland (for Lyssand), Jan Ole Johannessen (for Bjørnevik)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.