Kultur | 14. jan. 2010

Som i gamledagar

Styret i indremisjonen i Øyane vil ha liv i det gamle bedehuset igjen. No blir det åresal.

Som i gamledagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. jan. 2010 14:52

Bedehuset i Søre Øyane er eit av fem bedehus i Os kommune. Styret trur det er meir liv i bedehusa på Os, Søfteland, Hagavik og Lepsøykrysset, men trur på god oppslutnad under basaren dei skal halda førstkomande sundag.

- Styret har vore varsame med aktiviteten dei siste åra, men bedehuset har ein plass i hjarta til mange folk i Øyane, så oppslutnaden har vore god dei gongane det har vore arrangert noko der, seier Oddvar Rotvik.

Rotvik er rektor ved Kongshaug Musikkgymnas og saman med Terje Ulltang medlema av styret som driv bedehuset.

- I fjor og i forfjor stilte elevane våre på dugnad og fekk bedehuset malt. Det trur eg innbyggjarane set pris på, og eg trur at det framleis er bruk for eit bedehus i Øyane. Når vi inviterer til julekonsert, førjulssamling eller gudsteneste er det alltid godt oppmøte.

Basaren sundag startar klokka 17, med andakt av Per Fimreite, song og musikk, auksjon av gamle bedehusbenkar og sal av lodd og årer.

- Faste utgifter til straum, forsikring og kommunale avgifter blir stort sett dekka av faste gjevarar. Støtte frå Saniteten gjennom fleire år har også vore av stor betydning. Men no vil vi gje bedehuset eit løft, blant anna med restaurering av tak, så då lagar vi litt meir liv i huset i håp om at det skal skapa litt inntekter, seier Rotvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.