Politi | 26. feb. 2023

– Som om ei elv hadde frose i vegen

Ein bil køyrde i fjellveggen på Strønevegen i natt.

Strønevegen ved Hovland. Uhellet skal ha skjedd etter eit glatt parti med frose vatn i vegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. feb. 2023 08:28

Klokka 01.38 natt til søndag fekk politiet melding om bil i fjellveggen på Strønevegen.

Det var to personar i bilen, begge var bevisst og vaken.

– Passasjeren hadde vondt i eit handledd etterpå, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Bilen var ikkje køyrbar etter uhellet, og måtte hentast av bilbergar.

– Ut frå notatane frå hendinga kan det sjå ut som om uhellet skjedde nær Hovland.

Restar etter bilen ligg igjen på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det eine køyrefeltet var sperra ei stund. Bilførar har forklart at det var svært glatt på staden, som om ei elv hadde rent over vegen og frose.

Midtsiden kjenner til at det ofte er vatn vegbanen etter avkøyrsla mot Kysthospitalet retning Strøno.

Det har også skjedd fleire ulykker på staden, som i starten på mars 2016.

Førar sat i bilen mens den blei vinsja ned i grøfta. Han såg ut til å koma frå det utan alvorlege skadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògUtforkøyring på Strønevegen

Laurdag morgon frå 08.30 til 09.30 hadde politiet promillekontroll i Hegglandsdalen.

Der blei 48 kontrollerte, politiet fann ikkje noko å reagera på.

På kvelden, i 21.30-tida, stoppa politiet ein bilist på Lepsøy. Bilførar fekk pålegg om å utbetra baklys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.