Kultur | 26. apr. 2011

- Som å vinna i Lotto

Rett før påske fekk Oseana og Glenn Erik Haugland 300.000 kroner til HavFest.

- Som å vinna i Lotto
Andris Hamretirsdag 26. apr. 2011 11:56

Pengane fekk dei frå Norsk Komponistfond si halvårlege tildeling.

- Det var utruleg gledeleg. Å levera ein søknad er omtrent som å levera ein lottokupong, ein håper på å trekka lykkeloddet, smiler komponist bak HavFest Glenn Erik Haugland.

Dei 300.000 som Oseana og Haugland fekk, kom frå dei såkalla bestillingsverk-midlane i komponistfondet. Midlane blir generert gjennom TONO-inntekter.

I januar fekk Havfest 200.000 kroner frå Sparebankstiftinga DnBNor, eit anna viktig bidrag for å nå budsjetta på om lag 2,5 millionar kroner.

Sterk søknad

Haugland meiner dei har eit sterkt prosjekt og ein god søknad.

- Lisa Nøttseter, som er produsent for HavFest, gjer ein fantastisk jobb med å skaffe midlar til framsyningane, skryt Haugland.

Midlane frå komponistfondet fekk dei i konkurranse med 104 andre søkjarar, kor berre 45 fekk tildelt nokre kroner.

Av dei andre som fekk tildelt midlar finn vi andre kjente namn som Anita Skorgan, Wolfgang Plagge, Frode Alnæs og Nils Petter Molvær, men det var osingane som stakk av med den største delen av kaka.

Totalt blei det delt ut 2.733.000 kroner.

Snart case-closed

Då Midtsiden.no snakkar med Haugland tysdag fortel han om ei god arbeidspåske.

- Den har gått med til å skriva på 2. akt av HavFest.

- I løpet av veka reknar eg med at vi kjem i mål med alt og kan si "case-closed", fortel Haugland.

Hentar inspirasjon frå utøverane

Haugland fortel at prosessen fram mot den endelege folkeoperaen har vore utruleg spennande.

- For meg har det vore viktig å vera med på øvingane og få innspel og idéar frå både unge og gamle utøvarar.

- Idéar og inspirasjon eg har kunnet ta med meg for å foredla når eg har låst meg inn på loftet for å skrive vidare, forklarar komponisten.

Travel månad

Haugland går inn i ei ekstra travel periode i vekene som kjem. Først ei øvingshelg med HavFest i Oslo, før turen går til Amsterdam for å sjå korleis nederlenderande har tolka barneoperaen Poy!

- Vi får diverre ikkje med oss premiera, men ei av dei siste øvingane skal vi få med oss.

Deretter står to veker med gjestespelet "Hypermusikal" på Operaen i Oslo på trappene før full fokus igjen rettast mot HavFest.

- Det blei slik denne gongen, smilar Haugland.

- Heldigvis har vi dyktige folk i ensemblet til HavFest som held øvingane i gong sjølv om vi andre er opptekne andre stadar.

- Men frå 23. mai blir det full fres med HavFest. Det skal bli utruleg gøy, avsluttar komponisten før han dukkar ned att i dei siste tonane i andre akta på HavFest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.