Næringsliv | 16. juni 2014

Sommerglede gav bord

ABO Plan- og arkitektur gledde seg så over sommaren at det gav utemøblar til kommunen.

Sommerglede gav bord
Nokre av dei tilsette i ABO som jublar over den flotte våren og starten på sommaren med å klatra opp på dei nye borda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 16. juni 2014 09:57

Framfor ABO sine nye lokaler i Vindu mot Fjorden har det dei seinaste dagane kome opp fire signalraude åtte-mannsbord.

– Det er ei gåve til osingane frå oss.

– Vi sakna ein plass å sitta ute og tenkte at det måtte la seg kombinera med å gje osingar på tur rundt hamna det same.

– Du veit dette er jo kommunal grunn, men det var ikkje nei i ordføraren sin munn då vi la fram forslaget.

– No står dei her, og eg håpar dei vil bli mykje nytta på finvêrsdagar som denne, smiler Lars Christensen, dagleg leiar i ABO.

Laga på Søfteland

Så langt et lar seg gjera freistar ABO å nytta lokale leverandører og produsenter.

– Desse er laga av Vestlandske heiltremøbler på Søfteland.

– Dei fekk rett nok ei ekstra utfordring då vi sa at vi ville ha dei i logofargen vår, men dei fiksa det òg.

– Borda er av same type som står på den andre sida av hamna, men den store modellen, avsluttar Christensen som reknar med borda blir flittig brukt når Statsraad Lehmkul kjem inn fjorden i løpet av dei nærmaste timane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.