Sport | 06. juli 2019

Sondre Aksnes og Jonatan Brekke på topp 10 i NM

Beste plasseringar til no - blei slått ut av verdas beste.

Sondre Aksnes og Jonatan Brekke på topp 10 i NM
Sondre under NM førre helg. (Foto: Skjermskot frå direktesending, 4Freestyle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. juli 2019 08:17

Bildeserie:

Jonatan Brekke. (Privat foto)
Jonatan Brekke. (Privat foto)
Jonatan og Sondre på Kuventræ i 2016. (Foto: KVB)
Jonatan og Sondre på Kuventræ i 2016. (Foto: KVB)
1 av 2
Jonatan Brekke. (Privat foto)
Jonatan og Sondre på Kuventræ i 2016. (Foto: KVB)

Førre helg deltok Sondre Ødegård Aksnes og Jonatan Brekke i NM i freestyle fotball.

Sondre fekk 7. plass, Jonatan hamna på 8. plass.

• 4Freestyle sendte direkte frå NM - sjå video på Facebook

– Dette er våre beste plasseringar til no, seier Sondre nøgd.

Sjølv debuterte han med 13. plass for fire år sidan. Så klatra han til 10. og 9. plass åra etter.

I battle mot verdas beste

Jakta på NM-tittelen går to mot to i battle. Men først har kvar deltakar eitt minutt åleine, i kvalifisering, der karakteren gir ranking som bestemmer neste motstandar.

– Denne rankinga avgjer òg kva plass du får om du blir slått ut, så første runde er viktig, seier Sondre.

Han blei ranka på 7. plass. Hadde han klart éin plass betre så ville han gått direkte i kvartfinale.

– Eg vann første kamp 3-0, så var det kvartfinale. Der møtte eg Brynjar Fagerli, så då var det over.

Brynjar er blant dei beste i verda, og saman med broren Erlend, som tok tre VM-gull i fjor, er dei verdas beste freestylebrør.

• NRK: Her tar triksekongen VM-gull

Jonatan møtte nettopp Erlend i sin battle, og rauk ut, men fekk fin ranking etter kvalifiseringsrunden, og tok 8. plass.

Her ser du delar av Sondre sin innsats i NM (video:4Freestyle - som sendte live frå NM)

(Artikkelen held fram under videoen)

Skal til VM i Praha

Sondre og Jonatan, som blant anna heldt trikseshow saman under Eat, Move, Sleep-cupen på Kuventræ i 2016, var ikkje dei einaste deltakarane frå Vestlandet.

– Det er ikkje så stor miljø, men det er fleire flinke. Marius frå Bergen fekk 9. plass og Sindre frå Voss tok bronse, fortel Sondre.

Sjølv har Sondre plan om å delta i VM i freestyle, som blir arrangert i Praha i august.

– Om eg får fri frå skulen så reiser eg.

Reiser rundt med SK Brann

Tidlegare i sommar har han blant anna blitt hyra inn til Sør Cup i Kristiansand, for å halda trikseskule med unge deltakarar i fotballcup, og på Hallingcup på Gol for å halda show.

Sondre er òg engasjert av SK Brann, der han både deltar i «fan zone» før kamp og reiser rundt til andre klubbar i Hordaland saman med spelarar som del av Brann-turneen.

– Vi skal nok til Os etter sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.