Sondre og Vegard triksa på moloen

VIDEO: Sjå Sondre Ødegård Aksnes og Vegard Bolstad Bjørø leika seg ved Oseana.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juli 2016 10:20

Bildeserie:

Vegard og Sondre liker å trene saman. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sondre Ødegård Aksnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegard Bolstad Bjørø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegard og Sondre liker å trene saman. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sondre Ødegård Aksnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Sondre Ødegård Aksnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegard Bolstad Bjørø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegard og Sondre liker å trene saman. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sondre Ødegård Aksnes, som nyleg droppa NM for å triksa for kongefamilien, og nybakt noregsmeister i trial, Vegard Bolstad Bjørø, liker å trene saman.

– Sjølv om vi driv heilt ulike idrettar så er det kjekt å øva i lag.

– Det er godt å vera to når vi skal filma triksa våre, i tillegg har vi så vidt byrja å øva på nokre triks som kombinerer fotball og biketrial.

Dei to gjekk i parallellklasse på ungdomsskulen og begge fyller 18 år etter ferien.

Sondre skal til VM i triksing i Praha i august mens Vegard vurderer, om han også gjer det skarpt i dei neste noregscupane, å rykka opp frå ekspert til eliteklasse i trial.

Begge liker å øva og filma ved Oseana og moloen utanfor Os Sjøfront. I videoen over ser du korleis det tok seg ut då Midtsiden fekk vera med på ei trening tidlegare denne veka.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.