Sport | 28. okt. 2018

Sondre til topps med Varde

VIDEO: Varde Media stilte opp med drone og fullt crew då Sondre Ø. Aksnes ville visa triks i norsk natur.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. okt. 2018 16:52

VIDEO: Varde Media blei med Sondre Ødegård Aksnes til fjells, frå Øvredalen og opp nær toppen av Svinningen.

I fjor møtte han Pelé på Olympic Stadium i Barcelona, i 2016 triksa han for dronning Sonja.

Freestyler Sondre Ødegård Aksnes frå Os gjer som andre freestylarar ute i verda, han postar videoar på Instagram. Der har han i skrivande stund 16.700 følgjarar, og mange av følgjarane er frå utlandet.

– Det er veldig stor forskjell på kor mange som ser kvar video. Både triksa eg tar og omgjevnadane har nok ein del å seia, i tillegg bør ikkje videoane vera for lange, seier Sondre.

– Berre 10 prosent av følgjarane mine er norske, og mange er frå USA, derfor er det ekstra kjekt å filma triks i norsk natur.

Fekk Varde med på laget

Førre helg var Sondre blant rundt 15 norske deltakarar i EM i Berlin. Han var rangert som nummer to i si gruppe, og fekk 10 av 15 moglege poeng, men deltakaren rangert som nummer 3 fekk 11 poeng, dermed kom han akkurat ikkje vidare til neste runde.

– Eg er nøgd med eigen prestasjon, men ikkje med plasseringa.

Før han reiste til Berlin ville han laga ein video i lokale fjell i Os.

– Eg kontakta Varde Media via Instagram. Dei sa ja med éin gong. Det var utruleg kjekt! Eg har blitt filma av NRK, TV2 og lokalaviser før, men ikkje hatt eit crew med meg på denne måten før.

Anders Fløysand hos Varde Media fortel kvifor han umiddelbart fekk med seg «heile kontoret» på ein tur til fjells.

– Vi veit kven han er og kva han kan, ein ung og flink fyr som satsar på talentet sitt. Å filma stunta hans på lokale fjell var noko vi alle ville vera med på, og vi valte eit terreng eg som fersk jeger har blitt litt kjent i den siste tida, fortel Anders.

Fjellturen synest han dessutan at alle kollegaene hadde godt av.

– Det blei ein kjekk dag, ikkje minst då ballen spratt eit godt stykke ned frå fjellet. Det blei loddtrekning om kven som skulle henta den, og han som organiserte loddtrekninga tapte. Men, men, ein liten halvtime seinare var Ørjan Håland oppe på fjellet igjen med ballen, fortel Anders og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.