Aurora. (Pressebilde, foto: Morgan Hill Murphy)

Song for Billboard i LA

Måndag fekk Aurora terningkast 5 i BT for den nye låten «Queendom», tysdag framførte ho tre låtar akustisk hos Billboard i Los Angeles.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Aurora Aksnes frå Os har eit tett, internasjonalt program om dagen, men får framleis merksemd og spelejobbar heime.

«Dette er sangen vi trenger nå. Auroras nye singel er en mektig poplåt», skriv musikkmeldar Petter Lønningen i BT.

Queendom er Aurora sin første singel frå det komande andrealbumet. Lønningen skildrar låten på denne måten: Kjølig elektropop blandes med solvarm afrobeat og et refreng så eterisk at hun nesten går både Enya og The Dream Academy i næringen.

Høyr Queendom på Youtube

Akustisk hos Billboard i LA

Aurora er for tida i California. I går besøkte ho Billboard i Los Angeles.

Der framførte ho «Warrior» og to låtar frå det komande albumet, «Forgotten Love» og «Queendom», alle akustisk.

Video ser du på Billboard si Facebook-side.

Konserten i Nidarosdomen nominert til Gullruten-pris

Onsdag i neste veke skal Gullruten sin «Fagprisen» delast ut på Chateau Neuf.

NRK ved Silje Grimstad, Dag Samuelsen og Roar Aronsen er blant tre nominerte i kategorien beste lys/sceno/prod design for konserten med Aurora i Nidarosdomen.

Aurora var nominert til P3 sin nykomarpris i 2014, fekk GAFFA-prisen i 2015, var nominert til to og fekk éin Spellemannpris (årets nykomar) i 2016, vann EBBA 2016 og blei tildelt to Spellemannprisar (årets popsolist og årets musikkvideo) i 2017 (var nomert også som årets album).

Fleire konsertar i Noreg

Aurora har konsert på The Roxy i LA i dag og The Chelsea Theatre i Las Vegas fredag.

USA-turneen går vidare til Coachella og New York før Aurora reiser heim for ein ganske tettpakka sommar i Europa.

Først står Aarhus i Danmark og Langraaf i Nederland for tur, så skal Aurora spela i blant anna London, Trencin i Slovakia og i norske Stavern 12. juli. 

Så går turen til kontinentet igjen, men Aurora har fleire konsertar i heimlandet i år, i Harstad, Trondheim og Stavanger i august.

Fleire saker