Fredag fekk Tonje dei fire alpakkaene ho har bestilt. I morgon skal ulla klippast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Søramerikansk ull i Solbakken

4 x alpakka: Tonje B. Mæland fekk låna beite hos naboen då nye dyr sto på ønskjelista.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I idylliske Solbakken ligg galleriet til kunstnarfamilien Mæland. Rundt galleriet trippar frittgåande høner, og ein hane med gemytt omtrent som «Hamnesjefen».

– Hønene fekk eg fordi eg tenkte det kunne vera greit å få ferske egg kvar dag. Det har gått veldig fint å ha dei gåande rundt husa. Det er ei litt stor tomt å halda, så vi kjøpte nokre geiter òg, fortel Tonje Bratlund Mæland.

Seinare blei egg supplert med honning. «Unnskyldinga» for no å få fire alpakkaer er at dei har ull å bidra med.

– Eg synest det er kjekt med dyr, det er vel hovudårsaka, innrømmer Tonje, som i går fekk alpakkaene levert.

– Som ein lydlaus og dressert sau

Alpakka er opprinneleg eit dyr frå Sør-Amerika, som ifølgje Wikipedia først blei importert til Noreg av Sirkus Arnardo i 1990. Import til avl starta i 1998. Alpakka er, som den noko større lamaen, eit kameldyr, men frå ei anna slekt.

– Vi har hatt alpakka sidan 2011, og har drive avl sidan 2014, fortel Rita Syltøy og dottera Janne frå «Alpakka Syltøy» på Sotra.

Dei spøker litt med eige namn og fortel at dei av og til får spørsmål om kva anna alpakka kan brukast til enn syltetøy.

– Alpakka kan samanliknast med sau, men dei har litt betre rekkevidde på buskar og tre når dei beiter, dei leiter ikkje etter hol i gjerdet eller gjer andre forsøk på å koma seg ut frå innhegning.

– Det er dessutan mindre lyd i dei, og du kan ta på ei grime og gå på tur med dei som om det var ein hund. Det er ikkje alltid dei er så samarbeidsvillige når grima skal på, men når den først er på så er dei lette å føra på tur.

Fekk låna ni mål

Det var fire gutar som i sommar fyller eitt år som i går blei levert i Solbakken.

– Det er enklast å ha flokkar av same kjønn. Hoene er berre interessert i hannane akkurat når det er paringstid, utanom paringstida kan dei splitta flokken. Desse fire gutane kjem til å gå samla. Om det er ein dag dei berre ser tre av fire kan det vera eit teikn på at ein av dei har gått fast i ei myr eller har andre form for problem, forklarer oppdrettar.

Mæland har ikkje mykje plass til desse i eigen hage, men har fått lov av bonden som eig teigen på motsett side av vegen å låna ni mål med utmark.

Alpakkaene toler vinter godt, men liker ikkje regn. Derfor har pappa Arne Mæland bygd eit uthus som alpakkaene kan gå inn og ut av som det passar.

– Det var veldig kjekt å få dei på plass. No gler eg meg til å ha dei her og å følgja med på dei. Eg får håpa dei ikkje blir skremt av hundar, at turgåarar er flinke å ha dei i band når dei er i Solbakken, seier Tonje.

Alpakka kan, som lama, spytta om dei kjenner seg truga. Dei spyttar på kvarandre om det for eksempel er trangt om plassen på veg inn i skjul frå regnet. Om dei i heimlandet sitt er truga av puma skal dei kunna henta opp etsande magesyre som dei spyttar mot augene på kattedyret.

Om alpakka:
• Blir 20-25 år gamle
• Har skulderhøgde på 1 meter, men med hals og hode blir dei 1,5 meter høge
• Normal kroppsvekt: 50-70 kg (mens lama blir 120-150 kg)
• Får sjeldant tvillingar. Hoene føder vanlegvis rundt 15 ungar i løpet av levetida
• Ulla frå alpakka er svært slitesterk. Det har blitt funne restar av 2000 år gamal tøy vevd med alpakka-ull.
• Blei nesten utrydda på 1700-talet då spanjolane ville rydda plass til merinosau, som spajolane trudde hadde betre ull.
Les meir om alpakka på Wikipedia