Fotball | 08. mars 2020

Søre Neset fekk revansje over Os 2

Snudde kampen mot raske ungdomar frå nivået over.

Søre Neset fekk revansje over Os 2
Kjetil Hansen, som sto for Os 2 i går, fekk litt å henga fingrane i. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. mars 2020 08:45

Bildeserie:

Os 2 - Søre Neset, treningskamp. (Foto: KVB)

Nunbo Marques har overtatt hovudansvaret for Os 2. (Foto: KVB)
Nunbo Marques har overtatt hovudansvaret for Os 2. (Foto: KVB)
Denne blei redda. (Foto: KVB)
Denne blei redda. (Foto: KVB)
Det gjorde ikkje denne. (Foto: KVB)
Det gjorde ikkje denne. (Foto: KVB)
Søre Neset snudde 3-1 til 3-4-siger. (Foto: KVB)
Søre Neset snudde 3-1 til 3-4-siger. (Foto: KVB)
Os 2 prøvde seg mot slutten, men fekk ikkje ballen i mål. (Foto: KVB)
Os 2 prøvde seg mot slutten, men fekk ikkje ballen i mål. (Foto: KVB)
1 av 8

Os 2 tok i går imot Søre Neset til treningskamp på Kuventræ.

Tidlegare i vinter vann Os 2 2-4 borte på Bjørnen, også i går fekk ungdomane i 4. divisjon overtaket over dei rutinerte spelarane som i fjor rykte opp frå 6. divisjon til 5. divisjon.

Os 2 leia 3-1 til pause. Kampen enda 3-4.

Kristoffer Røttingen skåra to mål for Os 2, Elias Heggland Myrlid putta eitt.

Tidlegare Os-spelar Christer Olsen reduserte for Søre Neset før pause. Christian André Stenersen skåra to i andre omgang, Fredrik Solbakken blei matchvinnar.

Os 2 hadde to store sjansar på tampen, men måtte sjå seg slått. Søre Neset hadde dei største sjansane etter pause, og Kjetil Hansen, som ikkje har fornya med Bjarg etter opprykket, hadde 2-3 fine redningar i kamp for Os 2 i går.

God motstand - fin siger

– Siger over lag frå divisjonen over er vi sjølvsagt nøgd med, seier Søre Neset-trenar Lars Rune Moberg.

– Os 2 er god treningsmotstand. Vi kjem nok til å møta fleire lag som springer meir enn oss i 5. divisjon.

– Korleis er stallen til Søre Neset etter opprykket?

– Det ser veldig bra ut. Ingen har slutta, og vi har fått inn 4-5 spelarar frå Søfteland, etter at dei la ned seniorlaget sitt.

(Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.