Lokal | 17. sep. 2010

- Sørgjelege haldningar

Politiet meiner resultatet av kontroll i områda rundt Strøno og Røttingen viser bedrøvelege haldningar til livet i sjøen.

- Sørgjelege haldningar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. sep. 2010 14:03

Den siste veka, i forkant av start på årets hummerfiske, har politiet saman med Statens Naturoppsyn (SNO) kontrollert fangst og fiskereiskap i sjøen rundt Strøno og Røttingen.

- Kontrollen viste bedrøvelege haldningar til livet i sjøen, meiner politibetjent Ørjan Hjortland.

Levane, død og ròten
Politiet fann både ulovlege ruser og ei dobbel garnlenkje, fleire av dei hadde stått ute i lang tid og inneheldt levande, død og ròten fisk og krabbe.

- Kyststripa i Os har eit svært rikt sjøliv, dette må vi ta vare på. Dessverre var mykje av det vi fann seigpining og ulovleg fiske. Alle forhold blir meldt og etterforska, seier Hjortland i ei pressemelding.

- Vi ber no publikum om hjelp og ber folk som har opplysingar om kritikkverig og ulovleg fiske kontakta politiet, legg han til.

Politiet minner samstundes om reglar som gjeld:
Alle fiskereiskapar som står i sjøen skal vera merka med namn og adresse, anten på blåse eller på reiskapen.

Hummarfiske:
• Lovleg fiskeperiode hos oss er 1. oktober kl 08.00 t.o.m 30. november.
• Det er berre lov til å fiska hummar med teiner, ikkje med ruse.
• Hummar med utvendig rogn er freda og skal setjast tilbake i sjøen.
• Minstemål for hummer er 25 cm målt frå pannehorn til halefinne.
• Yrkesfiskar kan bruka 100 teiner medan fritidsfiskar kan bruka 10 teiner.
• Teiner skal ha sirkelforma fluktopning på kvar side med minst 60 mm opning.

Du fin fleire reglar på fiskeridirektoratet sine internettsider; www.fiskeridir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.