Lokal | 29. jan. 2015

Sørpete føre sendte bossbil i grøfta

– Det er brøytt fleire plassar, men ikkje alle, opplyser politiet, som også har vore ute på ei ulykke mellom bil og buss på Fanafjellet.

Sørpete føre sendte bossbil i grøfta
Denne bilen hamna i grøfta ved Byvegen i dag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. jan. 2015 13:20

Utover dagen i dag kom det meir av same sort som i natt; sludd og snø.

Dette set sitt preg på føret fleire plassar i Os.

– Det er brøytt fleire plassar i Os, men ikkje alle. Kjør forsiktig, oppmodar politibetjent Andreas Høynes Hagenes.

Ved Myrvollen, nær Byvegen og Idrettsvegen, har ein bossbil hamna i grøfta. Her er det ikkje teikn til personskade.

Noko verre var det på Fanafjellet tidlegare i dag.

Bil kolliderte med buss

Politiet i Os rykte ut over kommunegrensa for å bistå etter ein kollisjon på Fanafjellet.

– Ei kvinne hadde truleg fått sladd på bilen før ho hamna i fronten på ein buss. Bussen skal meir eller mindre ha stått i ro, fortel Hagenes.

Kvinna blei frakta til legevakt etter ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.