Kultur | 16. nov. 2012

Søstre lager jul på Vedholmen

Opnar juleutstilling i morgon: 66 koppar, internasjonal karriere, og relevant Obama-fat.

Søstre lager jul på Vedholmen
Elisa Helland-Hansen, som lager juleutstilling på Vedholmen Galleri med søstera Ida, var ein av lærarane til Vibeke Harild ved Kunsthøgskolen i Bergen. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. nov. 2012 13:31

Torsdag formiddag var Elisa Helland-Hansen sin tredje dag med montering på Vedholmen Galleri, for å gjera klar juleutstillinga som opnar i morgon.

66 koppar skal sjåast over og setjast fint på plass i galleriet.

– Er ikkje 66 koppar litt mykje å stilla ut i same utstilling?

– Jau, men det er ei salsutstilling og kundane skal kunna ta koppen med seg med det same, så vi må ha litt å gå på om dette fell i smak hos gjestane på Vedholmen, seier Elise.

Med Obama på veggen?

Elisa og søstera Ida har stilt ut saman før, men det er mange år sidan. Berre er frå bergensområdet, men Elisa skal til våren flytta verkstaden sin til eigedesigna atelier i Rosendal.

Saman med koppane stiller Elisa ut fat til bord og veggpryd, med sirlege dekorasjonar med inspirasjon frå gamal stordom i Kina og Japan.

– Fatet blei laga før valet i 2007, i håp om at han skulle bli valt. Det gjorde han, og etter valet førre veke er fatet og Obama like aktuell, seier Elisa, som sjølv er fødd i New York.

Utstilling og undervising utanfor Noreg

Elisa Helland-Hansen har stilt ut i Tyskland, Sverige, Danmark, Nederland og Australia, og undevist i same land, med blant anna professorat i kunst på Gøtheborg Universitet i perioden 2000-2005.

Hennar CV viser som søstera Ida sin CV fleire sal til offentleg utsmykking.

Porselen blir til maleri

Koppane er sett på kvar si hylle. Med ein vegg av koppar blir den samla utstillinga som eit maleri som nesten speglar seg i søstera Ida si tekstilutstilling på naboveggen.

Frå dei minste espresso-koppane til store, vanlege koppar til kaffi eller te.

Istanbul og Øyane

Ida Helland-Hansen viser tre større unike tekstilarbeid til vegg, og i tillegg mindre bilde malt bakpå glas. Under glaset er det montert tekstil som gjev ei spesiell dybdevinkling.

Ida kom nyleg tilbake frå Istandbul etter å ha opna utstilling i den tyrkiske byen saman med andre norske og tyrkiske kunstnarar.

– Eg jobbar hovudsakeleg med store veggtekstilar der eg laminerer bomullslerret og tynt silkepapir. Overflata får eit pergament-aktig preg.

– Teppa blir bygd opp lag på lag fysisk, men også i overført betydning. Eg prøver å fanga forteljingar og minne frå gløymte tider og stadar, fortel Ida om eigen kunst.

Gledeleg gjensyn

For gallerist Vibeke Harild har det vore ekstra gledeleg med nettopp desse gjesteutstillarane til jul.

– Elisa var ein av lærarane mine då eg studerte ved Kunsthøgskolen i Bergen på 90-talet, og ho var kollega med mannen min Peter, fortel Vibeke.

– Det blei eit veldig ledeleg gjensyn og det har vore inspirerande å sjå to så profesjonelle kunstnarar jobba med muntering av utstilling i vårt galleri.

– Arbeidet deira er på mange måtar ulikt, men dei har også fellestrekk i rytme og fargebruk, seier Vibeke Harild dagen før opning.

Vernissasjen i morgon startar klokka 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.