Politi | ni timar sidan

Sovna på taxihaldeplassen – innbrot i hytte på Halhjemsøya

Politiet måtte hjelpe ein mann som hadde sovna på taxihaldeplassen i Os sentrum natt til søndag. Seinare i helga fekk dei også melding om innbrot i ei hytte på Halhjemsøya.

Sovna på taxihaldeplassen – innbrot i hytte på Halhjemsøya
Her inne tok ein mann seg ein kvil natt til søndag. Foto: Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokamåndag 08. juni 2026 10:41

Politiet hadde flest oppdrag knytt til russefeiring gjennom helga.

Men det var også enkelte andre oppdrag politiet måtte handtere.

Mann sovna på taxihaldeplassen

Natt til søndag 7. juni måtte politiet ta hand om ein mann som hadde sovna på ein sofa inne på taxihaldeplassen i Os sentrum.

Same natt fekk politiet melding om smell frå fyrverkeri eller liknande ved Os ungdomsskule, utan at dei fekk klarlagt kva det var.

Innbrot i hytte

Søndag fekk politiet melding om innbrot i ei hytte på Halhjemsøya.

– Nokon har teke seg inn i hytta og romstert, seier Atle Birkeland, avsnittsleiar i politipatruljen.

Det er førebels uklart om noko er stole.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Sovna på taxihaldeplassen – innbrot i hytte på Halhjemsøya