Erlend Haukeland i studio i Os med modellar frå Riley 6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spanderte på damene

Fotograf Erlend Haukeland tok Riley 6-modellane med seg i nyutvida studio i Hamnevegen.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fotografane Erlend Haukeland og Vidar Langeland har flytta inn i større studio. Der spanderte Haukeland photoshoot på leiinga i det nystarta modellbyrået Riley 6

Erlend og Vidar har til saman rundt 50 år erfaring som fotograf, Erlend er frilans med ulike faste kundar, som Se & Hør, og Vidar har trappa litt ned som pressefotograf for Bergensavisen og er frilans på deltid.

– Vi har stort sett bedriftskundar, også i studioet vårt i Hamnevegen, men vår og sommar blir det ein del for private òg, fortel Erlend.

Då nabolokalet i Eldresenteret blei ledig slo dei to til.

Større plass og nytt utstyr

Dei to fotografane har fått dobbelt så stor plass. I ledige stunder i vinter har dei renovert lokalet. Nytt golv er på plass og nye møblar gjer det utvida studioet meir praktisk for både fotografane og gjestane.

– Vi har også investert ein god del pengar i nytt utstyr, blant anna har vi fått eit kostbart digitalt blitsanlegg.

Forsidepiken som starta firma

Tidlegare i mars spanderte Haukeland, på Midtsiden sitt initiativ, ein fotorunde på dei tre eigarane i det nystarta modellbyrået Riley 6 AS.

– Dette var veldig kjekt, synest Linn Beate Sejrup Riley (24).

Linn Beate har pryda forsida på både Vi Menn, FHM og Gatebil før ho i vinter gjorde noko ho lenge har hatt plan om, starta eige modellbyrå.

– Ein stor og veksande marknad

Årsaka til at Riley ville starta byrå er at ho stadig oftare fekk spørsmål om større oppdrag.

– Eg klarte å skaffa fleire modellar om dei ba om det, men kundane er ofte av eit slikt kaliber at det kan vera ein fordel å gjera det meir profesjonelt.

Linn Beate er verken ein glamourmodell eller ein tradisjonell motemodell.

– Vi driv som PR-modellar og vertinner, ein marknad som er stor i USA og på kontinentet, og som no har byrja å veksa her i Noreg.

– Vi leiger oss for eksempel ut til lansering av nye bilar, til motorsport-arrangement og til andre releaseparty.

Positiv energi

Riley fekk med seg venninnene Veronica Mari Lid (25) og Christine Bentzen (24) på eigarsida. Veronica er dagleg leiar og Christine er marknadssjef.

– Vi har det utruleg kjekt på jobb saman, anten vi er på release eller på båtrace. Oppdraget kan vera alt frå ei premieutdeling til ei avduking, men går som oftast i tillegg ut på at vi skal vera der og bidra med positiv energi for å få opp stemninga, seier Veronica.

Christine fortel at dei har bra med bookingar dei komande månadane. Både Cannonball Run i Bergen i slutten av april og Poker Run i august står på programmet.

– Vi jobbar med å få inn fleire modellar. Vi vil opp i minst seks damemodellar og seks herremodellar, og kjørte casting i Bergen no i mars, fortel Riley.

Riley 6 har dessutan samarbeidsavtale med eit modellbyrå i London som kan stilla med fleire modellar på kort varsel, om oppdraget blir for stort for det nystarta selskapet til PR-modellane frå Os og Bergen.