Spanderte teater på barnehagane
– Bobo og Eia slo godt an, seier kultursjefen.
Monika Solheim, Gabrielle Barth og Sebastian Eilertsen har denne veka vore i Os med framsyninga Bobo og Eia.
Bobo og Eia leiker med det dei har rundt seg, snakkar sitt eige tullespråk, speler musikk og sprudlar av fargar - alt i trygge omgjevnadar i ei framsyning eigna spesielt for dei heilt yngste.
– Vi fekk ein førespurnad eg fekk sansen for, og bestilte to framsyningar, kvar av dei med plass til 70 i salen, fortel kultursjef Lisbeth Axelsen.
Fullbooka på 24 timar
Os kommune spanderte og sendte ut invitasjon til barnehagane. På eitt døgn var 140 plassar booka.
– Det var kjekt å tilby noko for dei heilt yngste, og det såg ut som om både ungane og dei vaksne hadde ei fin stund i Oseana med Bobo og Eia.
Nærkontakt
Etter framsyninga fekk ungane koma på scenen, møta skodespelarane og sjekka ut leikane deira og kostymet. Begge framsyningane var tysdag formiddag.
Instruktør for framsyinga er Nina Bendikse, Eline Sundal har komposisjon. Idé og konsept er ved Gabrielle Barth og Monika Solheim.