Kultur | 28. juni 2018

Spanderte tivoli på barnehagar og SFO

– Vi vil gje noko tilbake som takk for at vi får vera her, seier Terese Andersen.

Spanderte tivoli på barnehagar og SFO
Skandinavisk Tivolipark er i gang på grusplassen mellom kyrkja og ungdomsskulen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juni 2018 18:58

Bildeserie:

Før opning var det gratis for ungar frå barnehage og SFO. (Privat foto)
Før opning var det gratis for ungar frå barnehage og SFO. (Privat foto)
Tivoliet har òg karusellar for dei som toler meir. (Foto: KVB)
Tivoliet har òg karusellar for dei som toler meir. (Foto: KVB)
I år blir dei verande gjennom to langhelger. (Foto: KVB)
I år blir dei verande gjennom to langhelger. (Foto: KVB)
1 av 3
Før opning var det gratis for ungar frå barnehage og SFO. (Privat foto)
Tivoliet har òg karusellar for dei som toler meir. (Foto: KVB)
I år blir dei verande gjennom to langhelger. (Foto: KVB)

I ettermiddag sette Skandinavisk Tivolipark karusellane i gang i Os.

Men før tivoliet opna fekk fleire barnahagar og SFO i Os køyra banane tilpassa dei yngste.

– Vi har sendt ut invitasjon til alle, men fekk betre respons enn venta. Det var nok godt over hundre ungar her, fortel driftsleiar Terese Andersen.

Tivoliet var ope og gratis for gjestane frå klokka 12 til klokka 13.

– Det er vår måte å gi litt tilbake som takk for at vi får vera i Os.

To veker - to gratisdagar

Det er første gong at tivoliet blir verande i Os to langhelger.

– Vi har ope kvar dag, med unntak av tysdag og onsdag, då skal vi ha ferie og fiska litt.

– Sidan det var så mange born her i dag, var det òg ventetid på ein del karusellar. Derfor har vi ei gratisøkt for barnehagar og SFO også torsdag om ei veke. Alle barnehagane og SFO-ane er velkomne, både dei frå Os og dei frå nabokommunane som ønskjer å koma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.