Kultur | 08. aug. 2019

Sparkar i gang med større sportsbar

– Vi fekk ein heftig forsmak søndag, med Leeds og Liverpool samtidig, seier Bjarte før morgondagens PL-start.

Sparkar i gang med større sportsbar
Bjarte Andersen i den eine av to avdelingar med sportsbar på Catten. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. aug. 2019 20:52

Catten har dei siste åra drive som sportsbar parallelt med nattklubb. Då Hanne’s i vår blei Liens, blei Catten åleine som sportsbar, og til Champions League-finalen 1. juni kom nok ein storskjerm på plass i lokalet.

– No har vi to avdelingar med sportsbar, med til saman to store og tre mellomstore skjermar. Vi køyrer gjerne to kampar samtidig, og alle gjestane skal sjå omtrent like godt.

Livlege inntog

I helga startar årets Premier League-sesong, der første runde blant anna består av Liverpool - Norwich fredag, West Ham - Manchester City laurdag og Manchester United - Chelsea søndag.

I tillegg speler Leeds - Nottingham Forest i Championship laurdag.

– Vi fekk litt av ein forsmak på hausten søndag som var. Leeds spelte samtidig som Liverpool, etterpå var det Ranheim - Brann. Vi hadde folk her frå klokka 14 til 23.30.

– Då du opna sportsbar fortalte du om fotballinteresse på litt under middels. Har dette endra seg med åra?

– Eg rekk ikkje sjå kamp når eg er på jobb, men eg må seia at den stemninga som er her har gjort noko med meg.

– Liverpool-supportarane har stilt mannssterkt frå første stund, United kjem avog til i store gjengar, og søndag hadde vi sikkert 20-30 Leeds-supportarar her. Nokre av dei gler seg så mykje til kamp at dei kjem applauderande opp trappa.

Utan aldersgrense

Sjølv om Catten har nattklubb- og brennevinløyve, og utover kvelden laurdag har aldersgrense på 20 år, er også born og ungdom velkomne på sportsbaren.

– Vi ønskjer at dette skal vera ein plass også for yngre supportarar, anten det er foreldre som vil ta ungane med, eller ungdomsgjengar som ikkje har ein plass å sjå kampen, eller berre vil sitja saman fleire i lag.

– Det kan jo bli litt høgare stemning enn heime i stova, men vi har allereie yngre supportarar blant gjestane våre.

Kan senda fleire idrettar

Etter utviding til ope sju dagar i veka, og utviding av sportsbaren, er Catten klar for å visa meir enn fotball.

– Vi tar gjerne imot innspel, anten folk vil sjå kampsport, skøyter, motorsport eller handball-VM. Vi har ein kostbar lisens med fleire kanalar, og det er berre kjekt om endå fleire kan ha nytte og glede av dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.