Kultur | 01. feb. 2023

Sparkar i gang turåret med Norges største utedag

Os Turlag arrangerer «Kom deg ut-dagen» i Hegglandsdalen. Her blir det grilling, rebusløype og fuglekassebygging.

Sparkar i gang turåret med Norges største utedag
(Foto: Bergen og Hordaland Turlag/André Marton Pedersen)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 01. feb. 2023 14:30

Førstkomande søndag inviterer DNT igjen til sin årlege nasjonale turdag.

Over heile landet blir «Kom deg ut-dagen» arrangert med enkle uteaktiviteter og introduksjon til friluftslivet.

I Bergen og Hordaland Turlag er det over 10 ulike arrangement. Det blir ansiktsmaling, turquiz, bålkos, klatring, grilling og mykje meir.

For meir informasjon om «Kom deg ut-dagen» kan du besøke Os Turlag eller Bergen og Hordaland Turlag sine nettsider.

Øvreeide gard

– Mange opplever at mykje blir dyrare for tida, også fritidsaktivitetar og reiser, skriv Bergen og Hordaland Turlag på sine nettsider.

Turlaget håpar dei kan inspirera endå fleire til å bruke naturen. Det er billig, miljøvennlig og gøy.

I Bergen og Hordaland Turlag arrangeres den årlege turdagen i mange av deira lokallag.

Nokre av aktivitetane dei ulike lokallaga tilbyr er ansiktsmaling, turquiz, bålkos, klatring, og grilling.

Her kan du sjå oversikta over alle arrangementene i Hordaland.

I Os inviterer Os Turlag deg til «Kom deg ut-dagen» på Øvreeide gard i Hegglandsdalen.

Søndag 5. februar frå klokka 12 blir det mykje leik og moro.

– Vi håpar på vintervêr, så ta med akebrett og ski, dersom det kjem snø. Det blir blant anna grilling, rebusløype og fuglekassebygging, skriv Os Turlag på sine nettsider.

Viktig med gratis tilbod

– Vårt ønske med «Kom deg ut-dagen» er å inspirera folk til å vere aktive ute nå på vinteren,og det gjer vi med å laga til ein morosam dag for store og små i nærmiljøet, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, i ei pressemelding.

Han trur denne gratis aktivitetsdagen kan vere viktigare enn nokon gong.

– Folk har strammare økonomi og det er mindre pengar til fritidsaktivitetar. Derfor har det stor betydning at frivilligheita stiller opp og viser korleis det enkle friluftslivet byr på alle slags aktivitetar som både gir opplevingar og avkopling.

Mange ulike aktivitetar

Turdagen arrangeres av Den Norske Turistforening og medlemsforeiningane kvar vinter og haust.

Dei inviterer til aktivitetar etter vêr og føre, for eksempel ski, skøyting, aking, natursti eller bålkos.

DNTs medlemsforeiningar stiller med frivillige som hjelper til med aktiviteter, turquiz, råd og tips.

«Kom deg ut-dagen» er også ei gyllen moglegheit for å få vite meir om framtidige turar og aktivitetar i nærområdet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.