Gunslingers brukte godt med pyro i inngangen på første låt for kvelden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gunslingers brukte godt med pyro i inngangen på første låt for kvelden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sparte ikkje på krutet

Bildeserie: Kurt Røttingen Band varma opp publikum godt - Gunslingers sette bokstavleg talt fyr på stemninga.

Kjetil Vasby Bruarøy
31. desember 2017 - 10:01

«Lille nyttårsaften»-festen til Osfest-arrangørane blei vellykka og folksam. Sjølv om 400-500 var på fire ulike konsertar i Os fredag, var osingar og tilreisande klar for meir.

– Laurdag morgon var 400 billettar selte, 50 nye blei selt før dørene opna, fortel Jan og Jan, Jan Vidar Alnes og Jan Kristian Rokne, frå Os Live AS sitt styre.

I døra kom det i løpet av kvelden 100 til.

– Vi fekk 550 betalande gjestar, dette blei veldig bra, seier Tor Egil Hylland nøgd.

Tidleg ankomst og god stemning

Dørene opna klokka 20, men allereie klokka 19.30 sto det feststemte gjestar utanfor lokalet.

– Dei fekk koma inn litt før, men skjenkinga starta ikkje før klokka 20.

– Det var godt med folk her då musikken starta og kø utanfor før klokka 22.

Med hatt og godt humør

Så gjekk det slag i slag med lokale Kurt Røttingen Band på scenen frå klokka 20.30.

Klokka var ikkje mykje over 21 før det sat folk rundt alle bord eller før det hang folk framme ved scenen. Handballhallen var fint innreia, og sjølv om den er romsleg også for 550 publikummarar, var det heller ikkje sånn at den såg halvtom ut då dei første 400 var inn dørene.

Mange hadde på seg cowboyhatt, andre hadde funne fram Sancho-bootsa frå boden.

Kurt Røttingen Band besto laurdag av, forutan vokalist og gitarist Kurt, Erik Rolland, Kjell Arne Haringstad, Vegard Henanger, Kai Taule og gjestevokalist Anne Berit Mejia.

Dei fekk god varme i publikum, og med passande volum og sjanger på pausemusikken heldt publikum vamen fram til Gunslingers, med pyroshow i introen, sette fyr på stemninga.

Folk spratt opp på dansegolvet og fram til scenen og song med frå første låt. Gunslingers heldt det gåande til Ferdamann overtok rundt midnatt.

Neste festival

Osfest 2018 blir arrangert fredag og laurdag 10. og 11. august.

Dei to første namna som er presenterte til neste festival er Stavangerkameratene og Morten Abel.

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest