Sport | 15. okt. 2013

Spaserte inn til ny KM-tittel

... men éin kamp fekk Os Oldboys sin lagleiar, Stig Morten Bruarøy, til å bli irritert.

Os Oldboys har blitt kretsmeister i 13 av dei siste 17 åra. I går var dei på trening igjen for å førebu seg på Smalahove Cup. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. okt. 2013 07:10

Os sitt Oldboys-lag har vunne "så og seia alle" kretsmeisterskapa i "ein mannsalder". Eller?

– Ja, det har blitt mange titlar, seier lagleiar Stig Morten Bruarøy, og sjekkar boka si.

Kvar kamp sidan Bruarøy i 2003 kom til Os frå Øyglimt, som også var ein KM-grossist for nokre år sidan, er notert med resultat og målskårarar.

– Eivind Carlson har vore toppskårar dei siste åra, med 22-24 mål i året, seier Stig Morten, før han fortel om KM-statistikken dei siste 17 åra.

No har Os vunne KM-tittelen i 1. divisjon Oldboys i 13 av dei siste 17 åra.

– Os hadde 6 KM-titlar på rad då eg starta i 2003. Så vann vi 3 av dei neste 5 åra før klassen i 2008 gjekk frå 11-ar til 7-arfotball.

No har Os tatt sin 4. KM-tittel på 6 år med 7-ar, etter ein sesong med 10 sigrar, 1 uavgjort, 1 tap og 84-28 i målforskjell.

SJÅ TABELL

Denne sesongen har dei blant anna slått Fana 14-4 og Bjarg, som landa på 2. plass, heile 10-2.

58 på rad utan tap

Serien blei avslutta i helga og Varegg, som Os hadde hengekamp mot, klarte ikkje å stilla.

Os leia serien før siste runde og kan smykka seg med ny tittel.

– Men vi fekk kjeft av Stig Morten etter Erdal-kampen, seier keeper Vidar Hjelle.

Då tok lagleiaren fram boka si og viste at sesongens einaste tap, 5-4 for Erdal på bortebane, var første tap på 58 kampar.

Viss du trur at det blei feiring i helga så tar du feil.

– Vi ventar med feiringa til etter Smalahove Cup i november. Vi går for "the double" i år òg, seier Jan Frode Skeie om turneringa på Voss som Os òg har tradisjon for å vinna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.