Spektakulær bustad delt opp og lagt ut for sal
Foreløpig er tre delar lagt ut for sal. Vil du kjøpa alt samla ligg verdien på 28 millionar kroner!


Bildeserie:
Kva med å køyra båten på 42 fot inn i huset, ta ned porten, kosa deg i naustet eller ta heisen opp 17 meter til toppetasjen?
Byggemassen er på i alt 1200 kvadratmeter, p-rom husar 750 kvadratmeter. I 2001 flytta familien Kanebog Søviknes inn i bustaden, som no er seksjonert.
– Begge døtrene våre bygger eigne hus, og eigedomen er større enn kva eg og Svanhild (kona) har behov for, og ønskje om å handtera, seier Frode Søviknes.
I dag blei tre av seksjonane lagt ut for sal - den minste med prisantyding på 5,6 millionar kroner, dei to neste på 7 og 10,3 millionar.
– Vi reknar med at det blir selt delt, og vil i så fall at alle skal ha tilgang på naustet. Det som foreløpig ikkje ligg for sal er sjølve båtgarasjen, som har sin verdi, og ein liten leilegheit i delar av øvste etasje (4. etasje, om vi ikkje reknar med naustet).
– Kva om nokon vil kjøpa heile eigedomen?
– Verdivurdering på heile huset, med naust, kai og brygge, er 28 millionar.
– Som å stå på brua på eit cruiseskip
– Kroleis var det å få løyve til å bygga ein bustad som denne, men fire etasjar på toppen av eit romsleg naust?
– Det var ikkje enkelt, men vi fekk det til. Godkjenninga kom i 1991, ti år før vi flytta inn.
Timinga var truleg god, rett etter finanskrisa, ei tid med lite nyetablering i Os.
Eigedomen blir selt av Eiendomsmegler1.
– Vi eigedomsmeklarar har kanskje lett for å kalla ein eigedom unik, men her må det vera passande! Tenk å kunna stå opp, ta heisen ned i naustet og gå tørrskodd inn i båten din, seier Ivar Glelsvik.
På spørsmål om lkorleis det har vore å bu i huset desse 18 åra, svarer Søviknes:
– Det har naturlegvis vore utruleg flott, både å bu ved sjøen, og å kunna ha storfamilien under same tak.
– Når du står på dei øvste terrassane og ser sjø i 180 gradar, samtidig som du ser rett ned på kaien, har det vore omtrent som å stå på brua på eit cruiseskip.
– Kvar skal de bu når eigedomen er selt?
– Vi har ein bustad i Portugal som vi kjem til å bruka meir. Kva bustad vi vil ha her heime er uvisst.
I annonsane ligg 60 bilde av eigedomen - her ser du bildeserien til den dyraste seksjonen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.