Sport | 09. mars 2015

Speler cup-finale før elitekamp

Os J12 varmar opp for elitelaga Tertnes og Glassverket med cupfinale i Haukelandshallen.

Speler cup-finale før elitekamp
Os J12 spelar cup-finale mot Sotra i RV-cup før eliteseriekampen mellom Tertnes og Glassverket (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 09. mars 2015 08:09

Onsdag klokka 16.40 speler handballjentene på Os Turn jenter 12 finale i RV-cup i Haukelandshallen. Kampen er sett opp i forkant av Grundigligaoppgjeret mellom Tertnes og Glassverket.

– Vi gler oss stort og er kjempespente. Det å få spela før eliteseriespelarane på Tertnes og Glassverket skal bli kjekt.

– Vi tar med oss alle jentene på laget til Haukelandshallen. Dei som ikkje skal spela blir heiagjeng, vi kjem til å prøva å forsterka den med dei jamngamle gutane.

– Så håper vi jo sjølvsagt at osingane stiller opp og hjelper oss i finalen, seier trenarane Ruth Moberg og Anette Fagertun.

Ventar jamn kamp

RV-cup er eit ekstra kamptilbod frå regionen som har gått gjennom heile sesongen. Kampane har stort sett gått føre seg i treningstidene. Onsdagens finalemotstander er Sotra.

– Vi speler ikkje mot Sotra i serien, men har møtt dei tidlegare år.

– Då har vi både slått dei og tapt for dei, så vi reknar med at det er eit godt lag vi møter og at det blir ein jamn kamp.

Eit lag av multispelarar

Moberg og Fagertun fortel at det er eit spennande lag dei har ansvaret for.

– Dei er utruleg ivrige og innsatsvillige.

– Men ikkje berre det, dei er mulitspelarar heile gjengen og kan spele på kva plass som helst på banen.

– Ein kamp kan dei stå i mål, neste kan dei spele på dei ulike utespelarposisjonane, så vi kan nytta mange forskjellige kombinasjoner, fortel dei to.

Gjensyn med Os-spelar

Grundigligaoppgjeret etterpå mellom Tertnes og Glassverket er eit toppoppgjer mellom andre og tredjeplassen på tabellen etter at Larvik førre onsdag blei seriemeister for 14. gang på rad.

Glassverket har grepet om andreplassen, mens Tertnes kjempar mot Oppsal og Byåsen om tredjeplassen.

Ein viktig bidragsytar for Glassverket er tidlegare Os-spelar Emilie Christensen, som gjekk frå Os til Fana og vidare til Glassverket.

Dette er andre sesongen Christensen speler i eliteserien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.