Sjefsmanager på gatecupen gjennom mange år, Stian Kvåle, er i år cupgeneral. Nå køyrer han heile cupen på éin dag. (Foto: KVB)

Speler heile MidtsidenCup på éin dag

Årets gatecup for vaksne blir i år arrangert med både innleiande og sluttspel på ein laurdag. Her er datoen, klassane og reglane.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det nærmar seg MidtsidenCup for 15. gong og i år vil Os Fotball samla alle deltakarar og alle kampar på éin dag.

– Det har gått greit å ha innleiande kampar onsdag og torsdag, men vi har inntrykk av at det er travle vekedagar for folk.

– I tillegg er det så god stemning under sluttspeldagen laurdag at vi ønskje at alle skal kunna ta del i denne dagen, seier Stian Kvåle.

Årets MidtsidenCup blir spelt laurdag 5. november - frå morgon til sein ettermiddag.

Kvåle har vore manager for fleire gatecuplag dei siste åra, og dei har stort sett tatt seg til semifinale eller finale. I fjor blei det siger med laget «Ståle».

No er Stian, som også er del av apparatet rundt Os sitt A-lag, cupansvarleg for MidtsidenCup.

Speler på seks banar

For å få kapasitet til å avvikla alle kampane på éin dag har Os Fotball reservert den store, nye banen i Os Idrettspark.

– Her får vi plass til fire 7-arbanar, i tillegg lager vi to banar på K1, den øvste av dei to andre kunstgrasbanane.

– Eg trur det blir tettare og kjekkare når 300-400 spelarar blir samla på éin dag.

I fjor var det 31 lag som deltok.

Herre, dame og mix - med to endringar frå i fjor

Det er sett opp fem klassar til årets MidtsidenCup:

Herrar elite og herrar amatør, mix elite og mix amatør - og ein open dameklasse.

– Nytt i fjor var at vi også skilte mix og dameklassen i elite og amatør. Mixklassen dobla seg i påmeldte, dameklassen hadde for første gong ikkje nok påmeldte til at den blei spelt.

– Derfor køyrer vi ein dameklasse i år der vi opnar for mange aktive, men der du får minusmål om du har fleire enn eit visst tal aktive med deg.

– Dermed kan amatørar stilla med eit par aktive og starta kampen med 2-0-leiing mot eit lag med fleire aktive.

Grensa går ved 3 aktive, som er «gratis», men du får eitt minusmål per aktiv utover dette. Er heile laget aktivt startar du på stillinga 0-4, som er tøft å ta igjen på 2 x 12 minutt.

Nytt i herrar elite er at 4. og 5. divisjon blir rangert som junior og veteran, altså som ikkje aktiv.

Her er reglane:

Aldersgrense: 16 år (fødd i 2000)
Pris: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)
Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til kjetil@midtsiden.no
Frist: Send spelarliste innan fredag 28. oktober. Betaling innan til konto 3624.59.87204 (merk med namn på lag) innan tysdag 1. november.

KLASSAR OG REGLAR 

AMATØR (like reglar for herre og mix amatør)
• Alle som har spelt serie i 2015 (vore på banen i to eller fleire kampar) tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• OBS! Mixlag må ha minst to damer på banen til ei kvar tid

ELITE (like reglar for herre og mix elite)
• Junior/gut/jente- og veteranklassen (oldboys) tel IKKJE som aktiv.
• Du kan ha med så mange aktive du vil, MEN;
• Har du med meir enn 3 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 2 mål imot (1 mål per aktiv over 2 spelarar).
• OBS! Mixlag må ha minst to damer på banen til ei kvar tid

DAMER
• Du kan ha med så mange aktive du vil, men har du med fleire enn 3 får du 1 mål imot per spelar over 3 (har du fem aktive startar kampen 0-2)
• Alle som har vore på banen i to eller fleire seriekampar i år, uansett nivå, tel som aktiv.

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• Aldergrense 16 år (fødd 2000 eller før)
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Dette er tittelforsvararane

(Sjå bilde av vinnarlaga frå i fjor i bildeserien over)

Damer: No Name, No Fame (vann i 2013 og 2014, ingen dameklasse/påmelding i 2015)
Mix amatør: FC Ingenting
Mix elite: Galacticos (vann òg i 2014, då det var open mixklasse)
Herrar amatør: 100 %
Herrar elite: Ståle

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat, video og bildeseriar frå tidlegare år)

Fleire saker