Kultur | 26. okt. 2015

Speler på fredspriskonserten

Aurora Aksnes har fått det ærefulle oppdraget med å spela på fredspriskonserten. Det har òg A-ha.

Speler på fredspriskonserten
Aurora Aksnes skal, saman med A-ha, spele på årets fredspriskonsert (arkivfoto: AH)
Andris Hamremandag 26. okt. 2015 08:30

Fredag 11. desember går årets fredspriskonsert til ære for fredsprisvinnarane – den tunisiske kvartetten for nasjonal dialog – av stabelen i Telenor Arena på Fornebu.

No har arrangørane offentleggjort dei to første artistane som skal bidra på konserten; A-ha og Aurora!

– Det er hyggeleg å byrja offentliggjeringa av artister med to norske navn. A-ha har vore med på å prega musikkverda i fleire tiår allereie, medan Aurora er ein ung og spennande artist i rivande utvikling, seier nobeldirektør Olav Njølstad til nrk.no.

– Det er veldig stort å få opptre på Nobels fredspriskonsert. Vi har følgd med på den frå stua heime i mange år. Det er ein utruleg vakker ting å få vera med på, seier Aurora til NRK.

Konserten blir arrangert for 22. gong, men for første gong i Telenor Arena. Det er alltid knytt stor spenning til kva artistar og kven som skal leia den internasjonale konserten som blir kringkasta verda rundt. I år blir den òg direktesendt på youtube.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.