Spellemann-nominert

- Eg hoppar ikkje akkurat i stolen, seier Olve "Abbath" Eikemo frå Immortal, eit av to band med musikarar frå Os som er nominert til Spellemann 2009.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. jan. 2010 12:18

I dag la TV 2 og Spellemann-juryen ut lista over dei nominerte til Spellemann 2009. ORBO & The Longshots, som vann prisen i kategori "blues" i fjor, er ikkje nominert for "Masquerade", men to andre band med musikarar frå Os står på lista TV 2 la ut i dag:

Montée, med Maya Vik, for "Isle of Now" i kategori "popgruppe" og Immortal med "All Shall Fall" i kategori "metal".

- Det visste eg ikkje. Men det er ikkje akkurat slik at eg hoppar i stolen av glede, seier Olve "Abbath" Eikemo då Midtsiden.no ringte for kommentar.

SJÅ ALLE NOMINERTE NEDERST I ARTIKKELEN

TV 2 viser årets utdeling laurdag 6. mars.

- Ikkje viktig for oss
Immortal var også nominert til Spellemann i 2002. Då var det Satyricon som stakk av med prisen.

- Spellemannsprisutdelinga er ikkje ein viktig plass for eit metalband. Er dei rette personane i juryen så har det kanskje litt å bety, men om ein "Ole-i-Dole"-gjeng skal sitja og avgjera kva som er god metalrock så blir det ikkje truverdig, seier Olve.

Alarm-prisen Immortal vann i 2001 betyr meir for musikaren frå Lysefjorden.

Oppdatert: Olve og resten av Immortal bestemte seg seinare same dag for å takka nei til nominasjonen.

Rekordsal av "All Shall Fall"
Immortals "All Shall Fall" kom i hyllene 25. september 2009. Albumet er no selt i over 50.000 eksemplar.

- Vi har selt 10.000 i USA og 40.000 i Europa på under fire månadar. Eg trur dette er rekord, i alle fall på så kort tid.

Tida etter platesleppet har bandet brukt til øving, og berre spelt éin konsert.

- Vi spelte nyleg på Verftet. Det skulle vera som ein liten test-gig av det nye materialet, men det blei ein veldig god kveld med full sal og veldig bra stemning.

Festival og musikkvideo
Fram til våren blir det også ganske roleg for Immortal, men så startar eit ganske tettpakka konsertprogram.

- Vi bryjar med fire konsertar i USA og Canada i påsken. I slutten av april skal vi til Moskva, og i sommar skal vi spela på fleire festivalar i Europa, blant anna i Frankrike, Belgia og Slovenia. Truleg blir det også nokre festivalar i Sør Amerika, fortel Olve.

For første gong sidan 1995 kjem også Immortal med musikkvideo.

- Varde Film & Media frå Os held på med ein musikkvideo for oss. Eg ser verkeleg fram til resultatet, seier Olve.

Her er alle dei nominerte til Spellemann 2009

KVINNELIG ARTIST
Ane Brun – Live At Stockholm Concert Hall (Det Er Mine, Balloon Ranger Recordings)
Hanne Hukkelberg – Blood From A Stone (Propeller Recordings)
Julie Dahle Aagård – Stompin’ Feet (Sweet Morning Records)
Noora Noor – Soul Deep (Blue Mood)

MANNLIG ARTIST
Alexander Rybak – Fairytales (EMI Music Norway)
Martin Hagfors – Men and flies (ME Records)
Sivert Höyem – Moon Landing (Hektor Grammofon)
Sondre Lerche – Heartbeat Radio (Rounder Records/Decca records/Universal Music)

POPGRUPPE
Datarock – Red (VME/Yap Records)
Donkeyboy – Caught In A Life (Warner Music Norway)
Kings Of Convenience – Declaration Of Dependence (Virgin/EMI Music Norway)
Kråkesølv – Trådnøsting (Diger)
Montée – Isle Of Now (VME)

ELEKTRONIKA
Lindstrøm & Prins Thomas – 2 (Eskimo Recordings/VME)
Mungolian Jetset – We Gave It All Away (Smalltown Supersound/VME)
Röyksopp – Junior (Virgin/EMI Music Norway)
Vinter In Hollywood – Outbreak (MTG/Vulcano Records

SAMTIDSMUSIKK
Håkon Austbø – Norwegian Imperatives (Aurora)
Oslo Philharmonic Orchestra/Gupta m/ Herresthal, Birkeland, Bullock og Styffe – Low Jive (Simax Classics)
Truls Mørk/Scottish Chamber Orchestra/ John Storgårds – Plays Hallgrimson (Ondine/MUDI)

ROCK
DumDum Boys – Tidsmaskin (oh Yeah!/EMI Music Norway)
Heroes & Zeros – Simian Vices Modern Devices (Nightliner/Sonet/Universal Music)
John Olav Nilsen & Gjengen – For Sant Til Å Være Godt (VME)
Motorpsycho – Child Of The Future (Rune Grammofon)
Skambankt – Hardt Regn (Tuba Records)

BLUES
Reidar Larsen – Kom Inn Te Oss (Blue Fingers)
Ronnie Jacobsen – San Jose Sessions (Blue Mood)
The Crank Bros. – Black Midnights, Stars & Streetlight (Fabuloso Records)

COUNTRY
Jonas Fjeld & Chatham County Line – Brother Of Song (RCA/Sony Music)
Steff Nevers – Closest To My Heart (Slager/Universal Music)
Tore Andersen – Right Around The Corner (Wilma Records)

METAL
Code – Resplendent Grotesque (Tabu Recordings)
Immortal – All Shall Fall (Dunder Records)
The Cumshots – A Life Less Necessary (Rodeostar)
Årabrot – The Brother Seed (Norway Rat Recordings)

HIP-HOP
Chris Lee – Love Ghost (Oslo Records/Bonnier Music)
Lars Vaular – D’e Glede (VME)
Tommy Tee – Studio Time (Bonnier Amigo Music)

FOLKEMUSIKK/GAMMALDANS
Daniel Sanden-Warg/Sigurd Brokke – Rammeslag 2 (Etnisk Musikklubb)
Olav Luksengård Mjelva – Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal (Etnisk Musiklubb)
Synnøve S. Bjørset – Slåttar (Talik)

DANSEORKESTER
Anne Nørdsti – Livet Er Nå (Tylden & CO)
Ole Ivars – Femten Ferske (Tylden & CO)
Vagabond – Vagabond (Tylden & CO)

JAZZ
Håvard Stubø Quartet – Way Up (Bolage)
Kim Johannesen/Svein Magnus Furu/Tore Sandbakken – Kayak (Aimsoundcity)
Nils-Petter Molvær – Hamada (Emarcy/Universal Music)
Solveig Slettahjell – Tarpan Seasons (SloMO/Universal Music)
Tord Gustavsen Ensemble – Restored, Returned (ECM)

KLASSISK MUSIKK
Henning Kraggerud, Bård Monsen, Lars Anders Tomter, Ole-Erik Ree – Ysaye –String Trios (Mudi)
Grieg Trio – Tchaikovsky/Smetana/Grieg (Simax Classics)
Oslo Philharmonic Orchestra/ Jansons – Gustav Mahler symf: 7 live (Simax Classics)
Vilde Frang –Prokofiev & Sibelius: Violin Concertos (EMI Music Norway)

VISER
Aasmund Nordstoga – Ein Visefugg (Warner Music Norway)
Helene Bøksle – Morild (Polydor/Universal Music)
Narum – Samma Hen Du Fær (Warner Music Norway)
Stein Torleif Bjella – Heidersmenn (oh YEAH!/EMI Music Norway)
Tonje Unstad – Æ Ror Aleina (Echofisk)

ÅPEN KLASSE
Crimetime Orchestra – Atomic Symphony (Jazzaway Records)
Kristin Asbjørnsen – The Night Shines Like The Day (Emarcy/Universal Music)
Knut Reiersrud – Gitar (Jazzland Recordings/Universal Music)
Mari Boine – Sterna Paradisea (Lean/Universal Music/Emarcy)
When – Homage Series Vol.1: Sun Ra (Jester)

BARNEPLATER
Diverse Artister – Go’ Natt (Universal Music)
Gjermund Larsen og Bom Basker – Går I Fjøs (Øra Fonogram)
Malin Reitan – Malin (MBN/Universal Music)
Trond Brænne – Bamsen Er Borte (Textforum)

TEKSTFORFATTER
Anne Grete Preus – Nesten Alene (Warner Music Norway)
Kjartan Kristiansen/Aslak Dørum – DumDum Boys; Tidsmaskin (EMI Music Norway)
Stein Torleif Bjella – Heidersmenn (EMI Music Norway)
Sverre Knudsen – La Det Brenne (Ohyeah!)
Tønes – Sobihob (VME)

POPULÆRKOMPONIST
Cato Sundberg/Kent Sundberg – Donkeyboy; Caught In A Life (Warner Music Norway)
Lars Christian Narum – Samma Hen Du Fær (Warner Music Norway)
Ole Jørgen Ottosen/Tellusalie – The Man Across The Fountain (Nightliner/Sonet)
Svein Berge/Torbjørn Brundtland – Röyksopp; Junior (EMI Music Norway)
Øystein Greni – Bigbang; Edendale (Warner Music Norway)

SAMTIDSKOMPONIST
Lasse Thoresen – To The Brother Peoples (Aurora)
Ruben S Gjertsen – Grains (+3DB)
Sven Lyder Kahrs – Dew Sparrows Breath (Aurora)

ÅRETS NYKOMMER
Alexander Rybak
Donkeyboy
John Olav Nilsen & Gjengen
Kråkesølv
Vilde Frang

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.