Kultur | 17. jan. 2015

Spellemannprisen til Marius Neset!

Saksofonist Marius Neset (30) frå Os vann saman med Trondheim JazzOrchestra spellemannprisen i kategori jazz.

Spellemannprisen til Marius Neset!
Marius Neset under ein konsert i Oseana i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. jan. 2015 21:39

Osingen Marius Neset, som fylte 30 år 2. januar, vann i kveld sin første spellemannpris.

Den kritikarroste saksofonisten mottok i 2011 Statoils Sildajazzpris og JazZtipendiatet på Moldejazz. Stipendiatet førte fram til bestillingsverket med Trondheim JazzOrchestra som blei framført i 2012«tidenes konsert i Molde», og seinare gjeve ut på cd.

I fjor blei Neset nominert til Nordisk Råds Musikkpris før han også blei nominert til spellemannsprisen.

Dei andre nominerte i kategorien jazz var:
• In The Country, Solveig Slettahjell, Bugge Wesseltoft, Knut Reiersrud
• Jan Gunnar Hoff
• Karl Seglem
• Ola Kvernberg

Andre vinnarar av Spellemannprisen:

Årets nykommer- & Gramostipend: Emilie Nicolas
Årets Hit: Admiral P feat. Nico D – Engel
Popgruppe: Highasakite
Rock: The Cheaters
Blues: Daniel Eriksen
Hedersprisen: Morten Abel

Sjå heile lista over nominerte og vinnarar på NRK.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.