Os oldboys spelte Smalahove-finalen med sørgeband.

Spelte med sørgeband på Voss

Os oldboys heidra klassekamerat og tok to pokalar med heim frå Smalahovecup.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os oldboys, som nyleg forsvarte kretsmeistertittelen på heimebane (sjå video av finalen), var i helga på Voss for å spela Smalahovecup.

Spelande assistenttrenar, Leif Erik Solbakken, skildrar turen i dette lesarbrevet:

På veg mot Voss fredagkveld reiste en tynga oldboysgjeng. Det var sorg og dempa stemning da vår felles klassekamerat og gode venn Trond Hjelle gjekk bort fredag morgon etter kort tid med sjukdom. I fellesskap bestemte vi oss for å heidra Trond ved å spela med sørgeband i finalen.

Os oldboys gledde seg til denne årlege cupen etter at de vann KM-tittelen helga før. Vi ønsker å takka Rune Klett og Tommy Hjelle (Bookkeeper) som har sett verdien i å vera sponsor for gamle spelarar, og hadde spandert nye drakter på oss.

Os kom i år i pulje med FK Søndag, Aphatinakos og Skjoldkam.

Beklageligvis så trekte Aphatinakos laget sitt frå denne pulja. Det er usikkert om det var pga at dei skulle møta Os.

Starta med 11-0-siger

I første kamp møtte vi FK Søndag og det blei ein flott siger med 11-0 som resultat. Os spelte fin fotball og let ballen gjera jobben.

Kjell Morten Søvik trilla tunellar på motstandarane i god gamal stil, iført sitt nye, heimelaga panneband og avklipte joggebukse.

Motstandarane fekk ikkje produsert ein eineste farleg målsjanse under heile kampen og Os-keeperane Chris D. & Tore B. var i støtet.

Slo Guntveit og Sandal

Kamp nummer to var mot Skjoldkam. Vinnaren i dette oppgjeret ville gå til finale.

Os spelte finale mot Skjoldkam i 2013, då blei det 4-1-siger til Os.

I år var dei tilbake i Smalahovecupen og ville ta revansj på «Skei’en og co». Tidlegare Brann-kaptein Cato Guntveit stilte saman med Thomas Sandal på laget. Skjoldkam hadde også i år Austevoll sin keeper i mål i tillegg til noen fleire forsterkingar i det Os-gutane kalla «kjøpelaget i 2013».

Dei var skuffa då ikkje Jan Frode Skeie var med oss, og dei tok kanskje litt lett på oppgåva.

Os gjekk tidleg opp i 1-0-leiing ved Rune Klett, som var i storstrøk (banens beste)m og auka til 2-0 på ein nydeleg chip av Frode Øye før pause. Fortvilelsen var stor hos dei etablerte spelarane på Skjoldkam, og frustrasjonen tok litt over då dei ikkje fekk spelet til å gli.

Rett før fulltid reduserte dei til 1-2, men Os kontrollerte inn til siger.

Finale mot Bjarg

Os møtte puljevinnar Bjarg i gruppe to i finalen. Dette er et lag som speler i senior 7-ar (ikkje oldboys), med 45 minutt-omgangar, og er godt trente karer. Vi visste det ville bli tøft, men kom godt i gang og leia 1-0 ved Eivind Carlson og 2-0 ved Stig Morten Bruarøy.

Så blei Klett takla stygt og måtte av banen med skade. Vi skulle hatt straffe då Robert, i starten på andreomgang, blei meid ned av keeper og ein utespelar. Det blei ingen lett kamp for ein dommar på rundt 15 år. Yttarlegare to på Os blei skadd og kampbildet endra seg.

2-0 blei til 2-2 to minutt før slutt og finalen gjekk til ekstraomgangar/sudden death.

I tredje ekstraminutt går ein corner via armen til ein Bjarg-spelar i mål. Os protesterer til ingen nytte og må ta til takke med 2. plass.

Konklusjonen var at Frode Heggland, som tok ansvaret for taktikken, hadde bomma grovt på 2-0-leiinga. Han var oppriktig lei seg og skulle gjera det godt igjen ved å spandera BRIMI på heile gjengen på hotellet.

Fin førstereis

Os, som har deltatt på Smalahovecup kvart år sidan starten for 16 år sidan, hadde i år to førstereis-spelarar med seg, Rune Klett og Arve Solskjær.

Dei klarte seg overaskande bra heile helga og gler seg allereie til neste år. Arve sleit litt med å rekka første kamp grunna feil informasjon frå romkameraten, men det gjekk heldigvis bra.

Det ble bestemt at Stigen og Leifen tar eit år til som spelande trenarar, til stor begeistring frå dei andre.

Troppen: Stig Morten Bruarøy, Tryggve Moberg, Arve Solskjær, Leif Erik Solbakken, Tore Borgen, Frode Øye, Frode Heggland, Chris Drange, Morten Døsen, Robert Bjørnevik, Kjell Morten Søvik, Rune Klett og Eivind Carlson.

Vi hadde også med oss ein stor heiagjeng; Rolf Matre, Kjell Arne Hjelle, Frode Frotveit (fant ikkje fotballskoena), Frode Hjelle, Ole K Opdahl, Jan T Lund, Vidar Hjelle og Ingar Endresen. Desse tre var påmeldt, men stilte av ulike unnskyldningar ikkje opp; Eirik Hjørnevik, Tim H. Sperrevik og Jan Rotnes.

Fekk 1. plass

Tilbake på hotellet var det gjennomgang av sesongen, KM-tittel og sølv på Voss, gutane var nøgde. Permittert keeper Vidar fekk opp stemninga med Skei & PT si låt,  Målløs, og nokre svisker frå 80-talet.

Os blei ropt opp på scenen av arrangøren for å få beskjed om at dei var vinnaren i 2015 likevel, då Vossalliansen stilte med spelarar som var uberettiga (25 år gamle) i finalen.

Dermed så fekk Os oldboys både førsteplassen (2015) og andreplassen (2016) med seg heim til Os. Sha-la-la-la-la-la-la … Osablod-songen runga frå scenen to gongar den kvelden, til ergrelse for alle dei andre laga.

Os oldboys ønsker å tildela årets Smalahovecup til Trond Hjelle, våre tankar går til hans nærmaste familie, vår djupaste medfølelse i sorga.

Fleire saker