Sport | 09. feb. 2016

Spelte seg ut av smertehelvete

Han har sete i rullestol sidan 2002 og vore avhengig av store morfin-dosar. No er Kim Nygård Noregs einaste aktive biljardspelar i rullestol.

Kim Nygård utanfor Os Biljard & Snookerklubb. Rune Bødal frå Bergen i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. feb. 2016 07:48

– Biljard er ein av få aktivitetar som likestiller rullestolbrukarar med friske. Men i enkelte meisterskap, som EM, er det eigne klassar for oss som sit i stol, seier Kim Ronny Nygård.

I helga var han i Os for å delta i regionsturnering, den lokale «noregscupen».

Kim reiser ikkje frå Kalvåg i Bremanger til Os, eller andre stadar, berre for å jakta på medaljar.

– Eg vil visa at vi i rullestol òg kan ha stor glede av spelet og kameratskapen. Biljard har betydd mykje for meg dei siste åra, det er ein fin aktivitet for både kropp og sjel.

14 år i rullestol

Nygård har den sjeldne, kreft-liknande sjukdomen LCH (Langerhans-celle histiocytose). I 2002 hamna han i rullestol grunna sjukdomen, i åra som følgde har han hatt store smerter.

– Eg var oppe i store, daglege dosar morfin. Eg var langt nede. Smertene er framleis store, døgnet rundt, men no klarer eg meg utan smertestillande.

– Biljarg gir meining, eg får noko anna å tenkja på. Det hjelper.

28 mil til trening

Biljard var i utgangspunktet ikkje lett tilgjengeleg for Kim frå Kalvåg, han måtte køyra 28 mil for å spela i Førde.

– Men så fekk vi eigen klubb i Kalvåg, det var eit eventyr, med over 50 medlemmar den første månaden.

Godt tilpassa

Han har spelt biljard ei god stund, men det er dei siste åra han har vore aktiv. Nygård har deltatt i EM og VM i klassen for rullestolbrukarar, nasjonalt deltar han mot gåande.

Les òg: Med flagget på brystet (Firdaposten)

– Eg saknar det å stå og få skikkeleg oversikt over bordet. Men eg klarer meg.

– Os Biljard & Snookerklubb er godt tilpassa rullestolbrukarar. Her har dei dessutan Jan Helge Kordst, som jobbar i bransjen med hjelpemiddel. Eg er sikker på at han òg kan hjelpa lokale spelarar i rullestol med tilpassing, om det dukkar opp nokon.

Sjølv ser Kim Nygård fram til Paragames i Malmø seinare i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.