Spelte sin tredje kamp på seks dagar
Lysekloster tilbake på vinnarsporet.

Lysekloster spelte laurdag sin tredje kamp på seks dagar.
Førre søndag blei det sesongens første tap, for Sandviken i 7. serierunde, torsdag sto andre NM-runde for tur, 120 minutt mot Sogndal, der Lysekloster gjekk på eit knipent tap.
I går tok Lysekloster imot Gjelleråsen, som hadde 8 poeng etter dei 7 første rundane.
Lysekloster tok leiinga ved Alexander Dang før pause og auka til 2-0 i 61. minutt ved kaptein Tobias Alme.
Gjestane reduserte i 70. minutt, men Lysekloster halte sigeren i land.
Dermed held dei seg på topp av tabellen, tre poeng framfor Os.
Neste kamp for Lysekloster går borte mot Ullern 2 søndag om ei veke.
- Tabell og terminliste på fotball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.