Fotball | 07. aug. 2022

Spelte treningskamp mot Sandviken

Ei veke til Os og Lysekloster er i gang med haustsesongen.

Alexander Dang, her i seriekamp før ferien, blei matchvinnar i treningskamp for Lysekloster i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. aug. 2022 10:08

Os ligg på 4. plass i avdeling 1 med 30 poeng, 9 poeng bak Lyn på topp.

Første seriekamp etter ferien er heime mot Oppsal søndag 14. august.

Lysekloster ligg på 3. plass i avdeling 3 med 27 poeng, 10 poeng bak Brann 2 på topp.

Første seriekamp er heime mot Haugesund 2 måndag 15. august.

Slo Sandviken i treningskamp

Os skulle spelt treningskamp mot Fana på Kuventræ laurdag, men troppen var for knapp, blant anna fordi juniorane tok seg til kvartfinale i Norway Cup.

I staden speler Os internkamp førstkomande onsdag. (Fana spelte i staden mot Gneist, og vann 5-1).

Lysekloster spelte i går treningskamp borte mot Sandviken.

Sandviken ligg på 10. plass i Os si avdeling, og har blant andre tidlegare Os-spelarane Sebastian Skåre Tune og Viktor Wikheim i stallen.

Lysekloster leia 0-2 til pause og vann 1-2, ifølgje eiga Facebook-side.

Tobias Alme og Alexander Dang skåra Lysekloster sine mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.