Kultur | 24. apr. 2017

Spennande song og dans på Haugland

Kajsa Balto tolkar norsk folkemusikk med samiske tonar i Studio E39. Kristine Nilsen Oma kjem med spesiell danseframsyning.

Spennande song og dans på Haugland
Kajsa Balto har med seg Ragnhild Tronsmo Haugland og Karoline Bjørhei på scenen (pressefoto)
Andris Hamremåndag 24. apr. 2017 11:04

Studio E39 er inne i sitt tredje år som arena for ny spennande musikk og scenekunst. Tunet på Haugland som kan skilte med urpremierer og urframføringer, workshop, visninger & seminarer, går stadig nye vegar.

– Torsdag og laurdag denne veka kan dei som er nysgjerrige oppleva ny samisk musikk og ny dans, fortel Glenn Erik Haugland i ei pressemelding.

«Samifiserer» norsk folkemusikk

Torsdag kjem den kraftfulle samiske artisten Kajsa Balto til tunet.

– Ho har blitt lagt merke til for sin «samifisering» av norsk folkemusikk. Hennar versjon av «Opp på fjellet» er mykje spelt, seier Haugland.

Med seg har ho osingen Ragnhild Tronsmo Haugland på cello og perkusjonist Karoline Bjørhei, som mellom anna spelar med Oslo Filharmoniske orkester.

Feirar dansen dag

Laurdag blir det nyskapande dans og feiring av dansens dag.

– Då kjem den Bergensbaserte koreografen Kristine Nilsen Oma med framsyninga «Body talks». Det er ei heilt spesiell framsyning kor tre dansarar, mellom anna vår eigen Heidi Tronsmo, blir utfordra på å la spesifikke delar av kroppen «snakka» for seg. I følgje Oma blir det ei framsyning som siktar på å gi publikum ein fysisk og rørande oppleving, seier Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.