Slik ser Link Arkitektur, Arkitektgruppen Cubus og ABO Plan- og Arkitektur for seg parkeringshuset (motasje frå dei tre firma sine presentasjoner)

Spenstig og vanskeleg

Slik kan kollektivterminalen og parkeringshuset på Osøyro bli. Måndag presenterte arkitektane sine skisser og idéar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I juni hadde ordførar Terje Søviknes (Frp) og prosjektgruppa for «Liv på Øyro» med seg dei tre arkitektkontora Cubus, Link og ABO på synfaring for å sjå på området ved kollektivterminalen før dei tre kontora sette i gang med å teikna sine tanker kring korleis ein ny kollektivterminal og parkeringshus kunne løysast.

Måndag fekk prosjektgruppa presentert korleis dei tre kontora har løyst oppgåva.

Éin ting var dei tre arkitektkontora samde om: Det hadde vore ei vanskeleg og utfordrande oppgåve.

– Volumet har vore hovudutfordringa, forklarte Grethe Haugland frå Link Arkitektur.

Medan hennar selskap hadde konsentrert seg "berre" om kollektivterminalen og parkeringshuset, hadde dei to andre selskapa også tatt med seg parken framfor rådhuset i større eller mindre grad.

Jury kjem med innstilling

Dei tre kontora har levert sine bidrag anonymt, berre gitt eit konseptnamn.

– Vi har vald å gjera dette etter same praksis som sist, kor ei uavhengig gruppe fagpersonar har vurdert framlegga.

– Vi fekk grunnlaget for fem veker sidan. Det blei då sendt til juryen, som har jobba med det etter den tid.

– Juryen si innstilling foreligg ikkje i dag. Den vil prosjektgruppa få til sitt møte om fjorten dagar, forklarte prosjektleiar Fredrik Seliussen før han sleppte arkitektane til for å presentera sine prosjekt.

«Generator»

Link Arkitektur kalla sitt konsept «Generator».

– Då vi var på synfaringa fekk vi beskjed om å laga verdas kulaste parkeringshus.

– Vi har slitt heftig, for vi har ikkje klart å frigjera oss frå reguleringsplanen. I løysinga vår har vi vald å teikna eit parkeringshus som svar på prosjektet. 

– Det vil måtta bli ein generator, som ikkje skal konkurrera med eksisterande verksemd i sentrum. Vi har difor ikkje teikna inn bustadar eller kjøpesenter, men reindyrka kollektivterminalen og parkeringa, forklarte Grehte Haugland og Svein Kronhaug.

Den største hovudutfordringa dei peika på var volumet på bygningen.

– Vi har vald å redusera høgda litt og i staden dra det ut i fotavtrykket. Vi vil at det skal underlegga seg rådhuset, difor er det om lag éin meter lågare.

– Når det gjeld trafikksystemet så har vi vald å halda på inn- og utkøyring som i dag.

– Vi ønskjer at det på mange måtar skal opplevast som ein skulptur. Difor har vi dekka bygget med transparant duk, som med lyssetting og stemning kan gjera at det lever.

– Vi har hatt eit ønskje om å opna opp mest mogleg og har difor nytta så tynne søyler som mogleg i dei berande konstruksjonane. Det gjer at ein relativt enkelt kan fjerna heile bygget ein eller annan gong i framtida, om ein finn at ein vil nytta tomta annleis.

– Slik vi ser det er nemleg tomta ein gullklump for framtida, forklarte Haugland.

«Generator» er på 10 500 kvm parkering, 5 plan og rommar cirka 290 parkeringsplassar.

«Osmose»

ABO Arkitektur kalla sitt prosjekt «Osmose».

– Osmose er enkelt sagt rørsle mellom cellene med mål om å laga likevekt.

– For oss handlar det om å skape ein god balanse mellom gåande og køyrande i sentrum, forklarte Ragni Helweg, som saman med Alice Bigom, Bjørn-Atle Drange og Maria Arnau presenterte ABO sitt framlegg.

ABO valde i si oppgåveløysing å sjå utover berre parkeringshuset.

– Vi har delt oppgåva litt, vi ønskjer å uttrykka noko meir, noko som er viktigare enn parkeringshuset. Det skal ikkje sjå ut som eit parkeringshus og berre vera det.

– Det krev litt å få folk til å handla på Os, folk skal sleppa å kjøra opp for å setja bilen frå seg og gå ned for å handla. Difor har vi også tatt føre oss parkeringsplassen framfor rådhuset som forslag til park og lagt korttidsparkering under denne.

– Ved å vippa opp parken litt gir vi ein naturleg tilkomst frå parkeringa både til Kvartalet og handlegata, forklarte Bigom.

Eit anna grep ABO også hadde tatt for å fremja handelen var å leia trafikken til og frå parkeringshuset og kollektivterminalen vekk frå Bydraget og i staden legga all inn- og utkøyring sydover.

– Vi har rett nok ei skisse kor det er opna opp mot Byvegen i nord, men det vil vi ikkje tilrå, sa Bjørn-Atle Drange.

I tillegg til parkering og kollektivterminal såg ABO for seg at delar av bygget kunne knyttast saman med rådhuset, som ei utviding av dette.

– Dette er det viktigaste hjørnet i Os sentrum. Då skal du koma til rådhuset, ikkje eit parkeringshus, påpeika Bigom, som òg hadde funne plass til servicefunksjonar, venterom og småhandel i terminalhøgda, og ein framtidig kafé/restaurant eller kantine i øvste høgda.

ABO sitt framlegg er på rundt 17 280 kvm, inkl 90 parkeringsplassar under parken framfor rådhuset. Totalt omfattar prosjektet cirka 280 parkeringsplassar. Materialbruken skal spela på lag med teglsteinen på rådhuset. Arkitektane hadde difor landa på ei løysing i delvis perforert stål, men også med grøne planter som veks opp og ut i materialet.

«Os-vinduet»

Arkitektgruppen Cubus har i sitt framlegg jobba tett saman med Multiconsult på trafikkanalysene, og var det av kontora som nytta mest tid på å fortelja korleis dei har løyst det trafikale. Som ABO hadde også Cubus tatt for seg delar av torget framfor rådhuset.

– Det var ei utfordring å henta inn rørslene frå AsplanViak si analyse. Vi ville nytta parkeringshuset til å forsterka den straumen av folk som dei har teikna opp.

– Inspirasjonen har vi henta frå Oselvaren, som har mykje god arkitektur i seg, både når det kjem til design og bruk.

– Difor har vi gjennomgåande i bygget ein "kjøl" som held bygget oppe. I tillegg slepp den lys ned gjennom etasjane og er med på å gje det heile ein mjukheit, forklarte Cato Mørner frå Arkitektgruppen Cubus.

– Vi har ikkje berre blitt inspirert av oselvaren, men òg av kystkulturen, kyststripa og nausta.

– Frå torget går difor Svaberget frå parken på torget og opp til bygulvet. Den løftar gangtrafikken opp og rundt til gangbrua over Byvegen og knytt huset saman med torget, samstundes som den gjev rom til fellesfasilitetane.

Inspirert av nausta har Cubus gått for tre og glas i fasadene.

– Vi hadde eigentleg ein arbeidstittel på prosjektet som vi kalla «Kulturparkering». Den har vi ikkje heilt gitt slipp på.

– Bak den store glasfasaden i sør har vi teikna inn Os-vindauget. Ikkje berre for å sjå ut, men òg for å sjå inn. Vi ser for oss dette som eit allrom aktivt i bruk.

– Nettopp openheit og transparantheit har vore viktig. Du skal sjå og bli sett. Det skal vera trygt å bruka huset også på kveld og natt for alle, forklarte Mørner.

Multiconsult hadde hjelpt Cubus med trafikkanalysene.

– Vi har lagt opp til felles innkøyring frå rundkøyringa, men med to felt slik at kollektivtrafikken med buss og taxi blir leiia inn på bakkeplan, medan dei parkerande blir leia opp i parkeringshuset.

– Utkøyring for dei parkerande og drosjane blir same veg, men bussane køyrer ut at via Øyro.

– Når det gjeld kollektivterminalen så er det ei trang tomt. Vi legg difor opp til eit dokkingsystem, lik det som er nytta på bussterminalen ved Oslo S.

– Det er et kjent og velfungerande system, forklarte Knut Angerman frå Multiconsult.

Cubus si løysing har eit fotavtrykk på 2 870 kvm og 280 parkeringsplassar + 8 handikap-parkeringar.

 

Fleire saker