Kultur | 26. aug. 2009

Spenstig sekstiåring

Tysdag markerte Cirkus Arnardo 60-årsdagen sin i Hegglandsdalen. Imponerande akrobatikk og morosam vannkrig blei toppa med ein heilt spesiell form for spying.

Spenstig sekstiåring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2009 09:49

Bildeserie:

1 av 6

Sidan sesongstart 14. mars har Cirkus Arnardo hatt éi framsyning for dagen, til og med på 17. mai.

- I 40 år har vi hatt framsyning i Ålesund på nasjonaldagen. Då har vi også vore med i toget, fortel direktør Arild Arnardo til Midtsiden.no.

Sirkusteltet, som tar 1500 tilskodarar, var om lag 3/4-full då Arnardo i går feira 60-årsdagen sin i Hegglandsdalen.

"Norske Talenter" x 3
Den sjarmerande klovnen Francesco opna showet saman med kameraten Jimmy ved å menga seg med publikum. Dei to sørgja for å halda publikum varme mellom akrobatikken.

Innslaga var stort sett med lun humor, men etter pausen, då dei yngste på tribunane byrja å bli trøytte, satsa dei på det enkle og beste: Vannkrig. Eit språk alle forstår, ikkje minst dei yngste!

Akrobatikken starta varsamt, men tanken om at "dette har eg vel sett før, på TV 2 kanskje" måtte du fort sletta frå harddisken.

For artistar som Paul Cheb, som har to VM-titlar på sykkel med eitt hjul, hoppa til slutt på trampoline med einhjulingen sin, og diablojentene frå Kina tok det berre lengre og lengre i synkrone stunt.

Gulpa vatn og flammar
Det er tydeleg at Anatoli Joukov er ein av dei Arnardo er mest stolt over i årets framsyning, men kvifor mannen som blir kalla den menneskelege vulkanen er hovudtrekkplaster forstår du først når du sit i teltet.

Joukov kjem inn i manesjen og byrjar å spytta vatn, omtrent nok til å fylla eit mjøleglas kvar gong. Og han sluttar ikkje, så du forstår at det her er snakk om meir kontrollert spying enn kva vi har sett på fest i Dalen tidlegare.

Så leikar han litt med kniv og kjetting, før vatn blir erstatta med brennbar væske. Publikum fekk lukta på det som skal vera jet A-1, flybensin. Artisten drikk 4-5 store glas før vulkanen blir aktiv.

Utan å ta nye slurkar går han rundt og spyr ut flammar.

Ponniar og elefantar
I første akt fekk vi sjå nokre små ponniar springa i ring, avsluttinga på andre akt var med familien Gärtners elefantar.

Men publikum fekk helsa på dei to elefantane allereie i pausen. Ved å betala 10 kroner fekk dei som ville gå bak teltet og sjå ponniane og elefantane, og dei som betalte 100 kroner fekk også sitja på elefanten for fotografering.

- Det er ein del som er kritiske til bruk av elefantar på sirkus, kva tenkjer du om det?

- At vaksne folk kan seia at vi lar elefantane stå på hovudet har ikkje vore på våre framsyningar. At dei påstår at dei tar skade av å stå på bakbeina, noko dyra også gjer når dei parar seg, viser at kritikarane har anten dårleg kunnskap eller dårleg fantasi, seier Arnardo.

- Vi har hatt elefantar på programmet i alle år, og familien som har hatt elefantar hos oss dei siste fire åra er tredje generasjon Gärtners som har drive med elefantar. Dei har lang erfaring med dyrehald og dyra deira får godt stell.

Nytt show kvart år
Det er ein del framsyningar igjen før artistane kan ta seg nokre dagar fri. Etter å ha brukt 1,5 time på å pakka saman i Os i går (nesten eit sirkusnummer i seg sjølv), gjekk turen vidare til Stord.

Då det kom flyplass på Gardermoen måtte Cirkus Arnardo flytta hovudkvarteret sitt. 10. september i år skal dei avslutta sesongen ein stad nær det nye hovudkvarteret, som ligg i Lillesand på Sørlandet.

Når sesongen er slutt ventar likevel meir arbeid, då skal programmet for neste år setjast opp.

- Vi får tilsendt mange DVD-ar med artistar som vil jobba for oss. I tillegg til å gå gjennom filmane blir det ein del reising og papirarbeid.

Sesongen har til no vore god, takka vera eit godt rykte, ifølgje Arnardo.

- De har ikkje hatt eitt og anna bomskot i løpet av alle desse dagane på vegen, framsyningar med berre nokre hundre i salen?

- Nei, svarar Arnardo besemt.

- Vi har drive med dette i 60 år, og veit kva som må til.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.