Lokal | 27. feb. 2012

Spinkel tjuv stal for 60.000

Spett og vinkelkuttar låg igjen etter at nokon i rein Brødrene Dalton-stil knuste seg inn på Joker og stal for rundt 60.000 kroner i sigaretter.

Spinkel tjuv stal for 60.000
Her tok tjuvane seg inn i butikken, frå nordsida, som er delvis synleg frå E39. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. feb. 2012 11:22

– Alarmen gjekk, men ikkje før innbrotstjuven var inne i butikken, fortel William Lindborg om innbrotet i natt.

Før alarmen gjekk rakk syndarane å få med seg varer for store verdiar.

– I utpris har dei nok tatt røyk for rundt 60.000 kroner. I tillegg har dei øydelagt det låsbare skapet sigarettane låg i. Kva det kostar med nytt skap har eg ikkje tørt å sjekka enno, seier Lindborg.

Kutta og banka seg gjennom muren

Vanlegvis er det glasmeister som må på banen etter innbrot, men på Søfteland har ein murar jobba frå morgonen av i dag.

Spett og vinkelkuttar låg igjen på nordsida av butikken etter innbrotet.

– Dei har kanskje stole verktøyet òg, så handverkarar i området bør kanskje sjekka verktøykassane sine.

Spinkel og smidig

Holet i klinkasteinsmuren er ikkje stort, så det må ha vore ein spinkel og smidig tjuv som slo til på Søfteland i natt.

– Eg ser at dei har samla sigarettene i ei stor eske, men ikkje fått eska med seg gjennom holet og tydelegvis skifta til ei mindre eske før dei stakk frå staden.

Ifølgje politiet sjekkar dei opplysingar om ungdomar som var observert med ei slegge i området måndag morgon.

Innbrotet skjedde berre nokre dagar før ny butikksjef kjem på plass, etter at Joker Søfteland nyleg blei selt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.