Spissa formen i Barcelona

VIDEO: Os jenter 16 sitt 1. divisjonslag kom fredag heim etter ein svært vellykka treningsleir i Barcelona.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. okt. 2013 22:16

Bildeserie:

Foreldre og søsken på tribunen. (Foto: KVB)
Spelarane budde i 4-mannshytter. (Foto: KVB)
På eit anlegg med 5-6 basseng og kunstig sandstrand. (Foto: KVB)
Cambrils Park er også godt eigna for ferie. (Foto: KVB)
Dette var noko anna enn Norway Cup-kantina. (Foto: KVB)
Det var berre 10-15 minutt å gå til den ekte stranda. (Foto: KVB)
Og same avstand til treningsanlegget, Futbol Salou. (Foto: KVB)
Trening kvar dag, to av dagane med innleigd instruktør. (Foto: KVB)
Treningskamp mot Voss. (Foto: KVB)
Foreldre og søsken på tribunen. (Foto: KVB)
Spelarane budde i 4-mannshytter. (Foto: KVB)
1 av 9
Spelarane budde i 4-mannshytter. (Foto: KVB)
På eit anlegg med 5-6 basseng og kunstig sandstrand. (Foto: KVB)
Cambrils Park er også godt eigna for ferie. (Foto: KVB)
Dette var noko anna enn Norway Cup-kantina. (Foto: KVB)
Det var berre 10-15 minutt å gå til den ekte stranda. (Foto: KVB)
Og same avstand til treningsanlegget, Futbol Salou. (Foto: KVB)
Trening kvar dag, to av dagane med innleigd instruktør. (Foto: KVB)
Treningskamp mot Voss. (Foto: KVB)
Foreldre og søsken på tribunen. (Foto: KVB)

Det starta med at dei var invitert på ei eliteturnering i vinterferien. Turneringa blei avlyst, men kontakten med arrangør Cupspesialisten førte til diskusjon om treningsleir.

– Vi bestemte oss for å bruka haustferien til ein tur med laget, som løn for god innsats gjennom vinter, vår og sommar, og for påfyll av inspirasjon til serieinnspurt og ny oppkjøring, seier hovudtrenar Kjetil Lyssand Lindbom.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

15 spelarar og 23 trenarar, foreldre og søsken reiste til Barcelona den første fredagen i haustferien for ei veke med sol, trening, treningskampar og sosialt samvær.

– Vi såg veldig fram til dette, samtidig blei det endå betre enn venta. 25 gradar og sol, eit fantastisk anlegg å feriera og trena på og to turar til Barcelona, tribuneplass på Camp Nou, La Rambla og det som høyrer med når du reiser til denne spennande byen.

Desse spelarane deltok: Andrine R. Døsen, Anne Fjeldstad, Anna L. Kolskogen, Astrid H. Lærum, Christina F. Bruarøy, Elena Grindevoll, Elin H. Aadnevik, Guro Drange Veglo, Hanne V. Austgulen, Marte L. Mjelde, Mathea S. Normann, Regina Breivik, Sukanya Sarasiri, Tonje S. Lindbom og Vy Nguyen. I tillegg var J13-spelar Tina S. Lindbom, som familiemedlem, med på turen og treningsopplegget.

Med innleigd instruksjon

Jentene budde på Cambrils Park i Salou, ein dryg time sør for Barcelona. Cambrils Park er eit feriesenter 10-15 minutt frå stranda, med 5-6 basseng, flotte restaurantar, tennisbane, minigolf, butikkar og minibank.

– Det var 15 minutt å gå til Futbol Salou sine banar, eit nytt og moderne anlegg med 8 11-arbanar, 6 ferdigbygde, 2 under bygging.

Jentene trente kvar dag, to av dei med innleigd UEFA Pro-instruktør.

– Han lærte jentene spennande øvingar og gav dei samtidig litt å filosofera på. Parallelt med instruksjonen kom han med tips til oss trenarar, så han gav oss mykje å spinna vidare på utover hausten og vinteren.

Slo spansk motstandar

Os spelte to treningskampar på turen. Den første mot seriemotstandar Voss, som var på tilsvarande treningsleir, den andre mot spanske Reus Femini A.

– Vi gjorde ein god kamp mot Voss, som vi både har slått og tapt for i serien i år. Der styrte vi mesteparten av kampen, skapte mange sjansar og leia 1-0 før kampen enda 1-1.

– Det spanske laget gav oss ikkje så mykje motstand som venta. Vi hadde både stolpeskot og tverrligarskot, men vi slurva ein del og spelte dårleg saman.

– Men vi klarte heldigvis å ro sigeren i land og vann 2-1.

Satsar på ny tur neste år

Seint fredag kveld kom jentene med familiar heim til Noreg, brun, trøytt og nøgd.

– Dette var ikkje berre kjekt for spelarane, dette viste seg å vera ein vellykka ferie for dei som reiste med heile familien.

– Det er store sjansar for at vi reiser tilbake neste haustferie. No vil vi evaluera programmet vi hadde og gå ein runde med kvar enkelt, for eg trur jentene lengtar tilbake allereie, seier Kjetil Lyssand Lindbom.

VIDEO: Sjå klipp frå delar av opphaldet og skåringa i kampen mot Voss. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.