Lokal | 12. des. 2012

Spleiser på kjempesmell

– No skal austevollingane bli misunnelege, seier initiativtakarane til fyrverkeriet som blir å sjå på himmelen over Søre Øyane denne nyttårsaftan.

Spleiser på kjempesmell
Bilde av fyrverkeriet Ole Marius Røttingen demonstrerte på Ulven i fjor. Innfelt: Røttingen og fetteren Ørjan Moldskred på synfaring i Leite i helga. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. des. 2012 21:22

Ole Marius Røttingen sitt firma, Røttingen Pyrotekniske, som vi fortalte om i fjor, har fått nokre ivrige medhjelparar i forkant av årets nyttårsfeiring i Os.

Les òg: – Kan vi få sjå 'an ein gong te? (med video frå demo på Ulven)

Veslebror Fredrik og fetter Ørjan Moldskred har nemleg tatt initiativ til spleiselag i Søre Øyane, og har fått inn nesten halvparten av dei minst 20.000 kronene dei vil bruka på felles festfyrverkeri over Øyane denne nyttårsaftan.

– Eg gav tilbod til Os kommune, men høyrte ikkje noko frå dei. Så kom dette initiativet frå heimkrinsen min.

– No har vi søkt og fått løyve frå lensmann og brannsjef og har valt ut Leite, eit av dei høgaste punkta i Øyane, til å skyta opp frå, fortel Ole Marius Røttingen.

– Tar seg best ut frå litt avstand

Tanken var først å skyta opp frå ein lekter på "Tøkjesundet", sundet mellom Bruarøy, Røttingen og Sundøy, men det er førebels sett på som litt for mykje administrering.

– Men Leite (haugen over Søre Øyane Naturbarnehage vest på Røttingen) skal fungera fint. Fyrverkeriet tar seg best ut frå litt avstand, så det er ikkje vits i å møta opp i Leite, seier pyroteknikaren.

Om vêret er klart kjem nok mange til å få dette med seg, også innover mot Halhjem, Haugland, Skeie og Askvik.

– Det blir nok godt synleg frå Austevoll òg, viktig å gjera dei litt misunnelege over fjorden. Får vi til dette så får Øyane eit av dei feitaste fyrverkeria på Vestlandet, seier Fredrik Røttingen, som er i full sving med kronerulling på Facebook.

– Når vi ikkje målet, 20.000 kroner, så får folk pengane igjen. Passerer vi 20.000 så blir fyrverkeriet endå større, lover Fredrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.