Spora stolen telefon til Os
Politirapporten: Telefon stolen i Bergen spora til Os. Mistenkelige menn var flaskepanterar.
I 18-tiden torsdag ettermiddag fekk politiet melding om to mistenkelege karar i Kuvågen-området.
– Meldinga gjekk mellomanna ut på at dei gjekk rundt der ute dragane på eitpar søppelsekkar.
– Patrulja var ute og traff dei. Det viste seg at dei berre hadde tomflasker i posene, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Spora telefonen, men fann den ikkje
I 04-tida natt til fredag har politiet fått ein anmeldelse av ein stolen telefon.
– Telefonen har blitt stolen i Bergen.
– Eigaren har ved hjelp av ein sporingsapp eller funksjon på telefonen spora den til Os.
– Vedkommende reiste sjølv til Os for å finna den igjen, men det viste seg at den aktuelle adressa var eit bufellesskap, så han visste ikkje heilt korleis han skulle gripa det ann.
– Saka vil bli etterforska her hjå oss, seier Hadler-Olsen.
Overstadig berusa i sentrum
Politiet måtte også ta hand om ein overstadig berusa person i Os sentrum i 18-tiden torsdag ettermiddag.
– Vedkommande blei køyrd til legevakten og blei tatt hand om av helsevesenet, avsluttar politioverbetjenten.