Lokal | 13. mars 2019

Spørsmål om kreft fekk nesten all russen til å reisa seg

Denne veka tar Os-russen sitt årlege Krafttak mot kreft. I dag var det ein slagkraftig kickoff.

Spørsmål om kreft fekk nesten all russen til å reisa seg
Tredjeklassingane følgde nøye med på video og russepresidenten sin appell. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mars 2019 14:10

Bildeserie:

Etter at teknisk eining ved Os Gymnas hadde fått ting på stell, var det klart for å byrja. (Foto: KVB)
Etter at teknisk eining ved Os Gymnas hadde fått ting på stell, var det klart for å byrja. (Foto: KVB)
Årets russekull frå Os Gymnas og Os vgs. (Foto: KVB)
Årets russekull frå Os Gymnas og Os vgs. (Foto: KVB)
Russepresident Vegard Strønen Skeie. (Foto: KVB)
Russepresident Vegard Strønen Skeie. (Foto: KVB)
Søndag skal Os-russen ut med bøsser og vipps-nummer. (Foto: KVB)
Søndag skal Os-russen ut med bøsser og vipps-nummer. (Foto: KVB)
– Har du nokon personleg å gå for? Nesten alle reiste seg. (Foto: KVB)
– Har du nokon personleg å gå for? Nesten alle reiste seg. (Foto: KVB)
1 av 5

Onsdag var årets russekull frå Os Gymnas og Os vgs samla på gymnaset for Krafttak mot kreft-kickoff.

Søndag er den store dagen, då skal russen få utdelt bøsser på skulane sine, før dei går til sine område for å samla inn via bøsser eller vipps.

– Enkelte har fått lov å starta dagen før, blant anna fordi dei skulle stå på senteret. Alle vil uansett har merkte bøsser og legitimasjon, seier Vegard Strønen Skeie, russepresident ved Os Gymnas.

Seansen i dag starta med å visa Kreftforeningen sin video for årets krafttak.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Det er lett å tenkja at 500 kroner her og 1500 kroner der ikkje har så mykje å seia. Men i fjor samla russen ved denne skulen åleine inn 150.000 kroner. Skulane på Vestlandet kom opp i 6,2 millionar kroner, på landsbasis bidrog russen med heile 42 millionar kroner, sa Skeie.

Han presiserte at det var viktig å dela inn Osbygda på ein god måte, og at alle heldt seg til områda dei fekk tildelt.

– Målet er ikkje berre å samla inn så mykje som mogleg, men at flest mogleg får sjanse til å gi.

Færre enn 1 av 10 overlever

Fokusområde for årets aksjon er krefttypar som mange dør av.

I dag overlever 7 av 10 nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar.

Det er framleis fleire kreftformar som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse.

To av ti overlever lungekreft og færre enn éin av ti overlever bukspyttkjertelkreft.

Personleg vri og høg målsetnad

Så blei han meir personleg, og fortalte om to personar han går for før han oppfordra medelevane å gjera det same.

– Kven i salen har besteforeldre som er eller har vore ramma av kreft?

Mange reiste seg.

Så følgde han opp med onkel, tante, foreldre, søsken, klassekameratar, naboar og bekjente. Til slutt sto så og seia alle.

– Eg ville at alle skulle tenkja over om dei hadde noko personleg å gå for, det kan auka innsatsvilja. Det er ei viktig sak, og det ser ut som om alle tar aksjonen på alvor. Eg sa at målet var å auka frå 150.000 til 250.000. Det er kanskje eit høgt mål, men eg meiner uansett at det skal vera potensiale for å setja ny rekord, og då må vi ha eit mål å strekkja oss etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.