Bjørn «Bosse» Sigurjonsson (t.v.) og Bjarte Andersen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sportsbarane siktar seg inn på rekordhelg

Bosse på Hanne's og Bjarte på Catten ventar storinnrykk til Champions League-finalen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mens Eikelandsfjorden-spelar og Leeds-supporter William Lindborg lager Torgefest på Øyro sit to sjappe-eigarar og ser fram til Real Madrid-Liverpool i finalen i Mesterligaen.

– Det er lenge sidan eg brydde meg om den wannabeturneringa, eg er mykje meir opptatt av Championship enn Champions League, seier William om timinga.

Real Madrid kan ta sin tredje finalesiger på rad. Meir publikumsvenleg for sportsbarane i Os er det nok at Liverpool, for første gong på 11 år, har tatt seg til finalen.

Kampen startar klokka 20.45 laurdag, nesten tre timar etter at første band går på scenen på torget.

Stor interesse i forkant

– Vi har fått mange spørsmål om reservasjonar av bord, men her blir det førstemann til mølla, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson hos Hanne's.

Tilsvarande gjeld på den andre sportsbaren i Os, Catten.

– Vi har ikkje tatt på oss oppgåva med å organisera reservasjon av bord eller stolar. Men alt tilseier at dette blir ein svært livleg kveld, seier Bjarte Andersen.

Vil også visa fotball-VM

I år er det også fotball-VM, 14. juni brakar det laus i Russland, og VM varer til 15. juli.

– VM er med i abonnementet vårt, og Catten kjem til å utvida opningstidene for å visa alt, tre kampar for dagen, med unntak av det som eventuelt er av spesialavtalar på, seier Andersen.

Også Hanne's har VM med i pakken.

– Vi kjem til å visa fotball utanom konditori-tida, så vi vil laga eit sendeskjema når VM nærmar seg, seier Bosse. 

Svingande besøkstal elles i året

I 2012, etter 28 år i drift (dei siste fem med auka satsing på sportsbar), la Hans Olav Sundøy ned Os Biljard og Sportsbar i Os Næringspark. Etterfølgar Solsiden gjekk konkurs i mars i fjor.

Eit halvt år seinare blei parabolantenne montert hos Hanne's, og Os fekk sportsbar igjen. Catten gjekk med tilsvarande planar, og var på banen kort tid etterpå.

På spørsmål om korleis det har fungert å ha sportsbar som tillegg til resten av drifta, svarer begge at det ikkje har vore god butikk. Men begge er innstilte på å halda fram.

– Vi har i hovudsak vist kampane til Liverpool og Manchester United. Vi kan ha alt frå 500 til 5000 kroner i omsetnad i baren desse 90 minutta, men det er stort sett meir kos enn fest, mykje alkoholfritt og ein del fedre som tar ungar med for å sjå kamp saman, seier Bjarte.

Hos Hanne's har dei, i tillegg til Premier League og Champions League, abonnement på Eliteserien.

– Vi har vist alt av kampar. Brann har av og til samla litt folk, men Leeds-kampane har vore størst suksess, særleg når den store supporteren Brynjar Øvstedal har vore her, seier Bosse.

– Det er dyre abonnement når du har rett til å visa både norsk og engelsk fotball i tillegg til Mesterligaen. Eg var åleine då eg starta sportsbar, men det blei fort ein tynn marknad då vi blei to sportsbarar nærmast frå start. Men det er eit kjekt tilleggstilbod og vi held nok fram med dette også vidare.