Kultur | 08. apr. 2019

Sportsbaren utvider

Catten Nightclub går over til open pub kvar einaste kveld.

Sportsbaren utvider
Catten Nightclub må til enkelte kampar køyra sportsbar i fleire avdelingar, som i februar, då Manchester United tok imot Liverpool. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. apr. 2019 09:06

Catten Nightclub, som i periodar av opningstida har sportsbar i inntil to avdelingar, har utvida til open pub sju dagar i veka.

– Til no nyleg har vi vist 2-3 kampar i veka, men no er Eliteserien i gang igjen, i tillegg har vi inntrykk av at det er marknad for ein pub også for dei som ikkje er fotballinteresserte, seier innehavar Bjarte Andersen.

Frå søndag til torsdag blir puben no open kvar ettermiddag og kveld, i tillegg til fredag og laurdag.

Dart, bordtennis og ulike idrettar

– Vi starta førre søndag. Då hadde vi rundt 40 gjestar, men 10 av dei var drop in som ikkje kom for å sjå fotball. Faste opningstider er lettare å forholda seg til, enn at vi skal opna og lukka etter kva kampar som går.

Ved sidan av Eliteserien, Premier League, Champions League og landskampar, kan sportsbaren senda andre idrettar på ulike skjermar.

– Frå før har vi bordtennis og ulike brettspel som vi har brukt til spelekveldar, før helga fekk vi òg dart på plass. Vi held fram med quiz, som no går om fredagane, men elles kan folk koma og spela, sjå sport eller vera sosial alle kveldar heile veka.

Dyrkar livekonseptet vidare på Baronessen

«Vaksen-plassen» Baronessen har fått eit godt fotfeste med livemusikk, og har booka tett med band fram til sommaren.

Her var det open pub om torsdagane, i tillegg til fredag og laurdag.

– Det er ikkje meir folk ute om torsdagen enn at vi satsar på éin plass denne kvelden, seier Bjarte, som eig både Baronessen og Catten.

– Baronessen kan opnast torsdagane til enkelte arrangement eller lukka lag, men er i utgangspunktet stengt torsdagane no når Catten held open kvar dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.