Næringsliv | 02. mars 2018

Spøt og Link Brands opnar på AMFI Os

Amfisenteret har fått leigetakarar til to av tre ledige lokale.

Spøt og Link Brands opnar på AMFI Os
Spøt skal inn der Foss Ut og Smykker heldt til (øvst), Link Brands kjem i Zeller sitt førre lokale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. mars 2018 12:44

I starten på januar blei det kjent at to butikkar på AMFI Os, Zeller og Foss Ur og Smykker, ville legga ned. Sal av kjeden gjorde at Tilbords to veker seinare kom med same beskjed.

No har allereie to av tre lokale fått nye leigetakarar, begge opnar i starten på april.

– Eg er veldig glad for at vi raskt får drift i desse lokala igjen. Eg trur dessutan at dei vil vera gode supplement til utvalet på senteret, at totalmiksen blir god, seier senterleiar Silje Lygre.

Dei to butikkane er garn- og strikkebutikken Spøt, og herre-, dame- og barnemotebutikken Link Brands.

Spøt skal inn i lokalet Foss Ur og Smykker hadde, i 1. etasje, Link Brands overtar lokalet Zeller hadde i 2. etasje.

Kompetanse innan strikk og design

Spøt blir etablert av Arne Hansen, som frå før eig frisørsalongane Classic og nyoppussa Ezzens i same senter.

– Spøt startar eg saman med ein kollega på frisørsalongane, Inger Samdal. Det var hennar initiativ, og ho blir viktig for drifta. Men ho skal halda fram i frisøryrket ei stund til, så vi har søkt etter folk med kompetanse og interesse innan strikking og design, fortel Arne.

Responsen har vore god, og Spøt kan vera i ferd med å få sin første tilsette.

– Eg trur dette er ein litt tøff bransje, med mykje netthandel, derfor er det viktig å finna flinke folk til å jobba i butikken. Vi vil òg køyra nokre kurs og aktivitetar.

– Lokalet er lite, men godt eigna, med fin plassering og stor fasade. Eg har tru på at dette kan bli bra, seier gründaren.

Tar suksess frå Arna til Os

Link Brands blir starta av Erik Bjørgvin Rosendahl, som frå før eig Stadion Sport på Amfisenteret.

Rosendahl har sidan 2001 drive ein tilsvarande motebutikk på Øyrane Torg i Arna. Butikken i Arna heiter Blaze, men i samband med etablering av ny butikk på AMFI Os får begge namnet Link Brands.

– Butikken i Arna har gått veldig bra, men namnet og profilen var moden for fornying. Link Brands sel moteklede til både herre, dame og born, utvalet er ein serie kvalitetsmerke.

– Fleire merke er kjente for folk flest, andre har dei kanskje ikkje høyrd om. Men også desse handplukka «nye» har slått godt an i Arna, og vi håper osingane òg vil setja pris på noko som skil seg frå det du får hos større kjedar.

Link Brands får merke som Levis (herre, dame og born), Wrangler (herre og dame), Gabba herrejeans og Tommy Hilfigher (herre og dame).

– Tommy Hilfiger er nytt merke for oss. Her får vi eit utval til opninga, men utvider med full kolleksjon til hausten. I hovudsak er dette til herre, men det kjem blant anna undertøy til dame.

Til damer kjem òg Ilse Jacobsen, Vero Moda, Only og Pieces - til born Lille Lam, Wheat, Hust & Claire, Reima og Gullkorn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.