Kultur | 23. nov. 2019

Spreidde glede på ungdomsskulen

Markerte MOT til å glede-dagen med karneval.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandlørdag 23. nov. 2019 09:59

Fredag blei MOT til å glede-dagen markert over heile landet.

Ved Os ungdomsskule blei det arrangert karneval for å spreia glede.

Ungdom med MOT gjekk rundt og tok bilde for å kåra ein vinnar, den med best kostyme fekk pizzafest for heile klassen på Peppes.

Dette skriv MOT om MOT til å glede-dagen:

Har du nokon gong tenkt på at det smilet du gir til ein annan, kan vere det einaste smilet ein person får i løpet av dagen?
Har du nokon gong tenkt på kor godt det er å møte nokon som ser deg i augene og seier «hei»?
Har du nokon gong tenkt på korleis dagen din hadde vore utan vener og familie rundt deg som du veit er glad i deg, uansett kva du har oppnådd den dagen?

Du skal aldri undervurdere effekten av dei små bidraga du kan gi til eit meir inkluderande samfunn. For det er ikkje alle som har nokon å komme heim til.

I MOT jobbar vi for å skape robuste ungdommar som inkluderer ALLE, slik at ingen skal kjenne seg einsame eller utanfor. Det krev toleranse, aksept av ulikskapar og trygge miljø der unge og vaksne gjer kvarandre verdifulle. Det krev også MOT. MOT til å bry seg. Bry seg med eit smil, eit nikk eller eit hei. Det kan vere små ting - men det kan bety mykje.

Ved å glede andre med enkle middel kan vi skape eit varmare samfunn for alle.

Set pris på kantinedama på skulen eller på arbeidsplassen som kvar dag gir deg lunsj. Sei takk til bestevenen din som alltid er der for deg. Eller til bussjåføren som køyrer deg trygt til skulen eller til jobb kvar dag. Vis at du ser dei, og set pris på dei! For hugs: Vi greier bare å hindre utanforskap og skape eit inkluderande samfunn dersom både vaksne og ungdom viser mot, ser kvarandre og tar ansvar.

Kort informasjon om MOT og MOT til å glede-dagen:
• MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004
• MOT styrker ungdom til å vere robuste og til å ha mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen
• Viktigste innsatsområde er MOT sitt program i ungdomsskulen og vidaregåande skule. MOT har partneravtalar med over 270 skular.
• MOT sine dokumenterte resultat er mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.