Sprek profil på årets første Kom deg ut-dag
Har brøytt skøyteis og laga lange skiløyper på Tveitavatnet.
Den Norske Turistforening arrangerer to Kom deg ut-dagar i året; i februar og september, og fleire lokale turlag sluttar seg til prosjektet med eigne arrangement.
Os Turlag hadde ikkje aktivitet i september i fjor, men står no klar med ei rekkje aktivitetar på Øvreeide Gard til søndag 7. februar.
– Det blir rebusløype, bogeskyting og snekring av fuglekassar. Sidan det er så fint vintervêr oppmodar vi alle å ta med akebrett, seier Anny K. Briggs frå Os Turlag.
– Men hugs at det er påmelding innan fredag 5. februar, legg ho til.
Isen på vatna i Os er over 20 centimeter tjukk, og med andre ord farbar.
Vertsskapen Tore Øvreeide har lagt forholda til rette for både ski og skøyter.
– Isen er brøytt heilt inn til Hegglandsdalen skule, så det er rikeleg med plass og flotte forhold, seier Tore.
Av andre lokallag som har aktivitet søndag er Tysnes Turlag, Samnanger Turlag, Askøy og Bergen.
Informasjon om Os Turlag sitt arrangement ligg på Facebook-sida deira.