Kultur | 15. juni 2013

Sprek start på sommarutstillinga

VIDEO: Patricia Langeland sette i ein spiss på den folksame vernissasjen på Vedholmen Galleri i dag - og kunsten gjekk unna i låg og høg prisklasse.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. juni 2013 21:54

Laurdag opna årets sommarutstilling ved Vedholmen Galleri.

Dagen var travel i Øyane, med Redd Barna-cup på fotballbanen og Bergen Poker Run innom butikken, men fleire frå Øyane, Os og Bergen fann likevel vegen til galleriet i Hargun-naustet på Sundøy.

Galleristane og kunstnarane Vibeke Harild og Peter Marron hadde, som ofte elles, eit kulturinnslag å by på i høve opninga.

Denne gong var det danselærarinna Patricia Langeland som skapte ei ekstra god stemning under vernissasjen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Eg var festspelutstillar her i fjor og det var veldig vellukka. Eg har sans for galleriet og dei to som driv det, og utstillinga selte godt, seier utstillar Line Hvoslef.

Jack D. Raddatz frå Iowa i USA, som flytta til Bergen for sju år sidan, stiller ut på Vedholmen for første gong.

– Eg har besøkt galleriet før og kontakta dei når eg no hadde nokre nye seriar klare, nokre seriar eg har jobba med lenge, fortel Jack.

Tilbake etter 7 år

Også ein tidlegare studiekamerat av gallerist Peter Marron, Erik Lytskjold, er blant utstillarane.

– Eg har stilt ut hos Peter éin gong tidlegare. Det var i det førre lokalet, over butikken, i 2006.

– Dei har fått det veldig fint her og eg er spent på årets sommar, seier Lytskjold.

Stort og godt sal

Laurdag kveld kunne Vibeke fortelja om ein veldig god start, der fleire av utstillarane selte på første dag, og der det har kome inn bestillingar på nokre større maleri.

Her er kunstnarane som er representert i årets sommarutstilling:

KERAMIKK & SKULPTUR: Kari Aasen, Eli Veim, Erik Lytskjold, Sarah Reed, Jack D. Raddatz, Peter Marron, Vibeke Harild, m.fl.

MALERI & GRAFIKK: Line Hvoslef, Ingri Egeberg, m.fl.

VIDEO: Sjå delar av opninga og Patricia sin dans under vernissasjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.